Tursti til Sjethaug frå Kvinnherad kyrkje, Rosendal.

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,5 km
    2 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Hele året

Parkering, start- og sluttpunkt: Kvinnherad kyrkje.

Merking: Skilt til Kvinnherad kyrkje frå kaiområdet i Rosendal. Forutan skiltsøyle ved kyrkja er det skilt i vegskilje langs ruta.

Høgdeskilnad: 40 – 285 moh.

TUROMTALE: Følg Vambavegen mot Nes. Litt forbi gardstunet svingar vegen 90 grader til høgre opp mot skogsvegen til Sjethaug. 

Frå rasteplassen på Sjethaug med den fine turhytta kjem ein tett på Rosendal med vidt utsyn til grannebygder, fjell, dalar og fjordlandskap.

GODE RÅD: Frå Neslia går det skogsveg til Sjethaug. Denne er eigna for barnevogn og motorisert rullestol. Sjå: Tursti til Sjethaug frå Neslia

Frå Sjethaug kan ein følgja T-merkt sti til stor varde på Skålafjell 490 moh. Herfrå er det T-merkte stiar til Vevik, Åsvodl, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal.  

Sjå andre ruter under Rosendal på UT.no og bruk fantasien for å finna alternative turar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Følg skilt frå kaiområdet i Rosendal til P-plass ved Kvinnherad kyrkje.

Annonse