.
Turen startar frå P-plassen 400 meter innanfor Galleri Guddal.
Frå P-plassen går ein 70 meter attende til skilt som viser opp skogsveg. Etter 300 meter langs skogsvegen vinklar stien 90 grader bratt opp lia, sjå skilt. Dette er ein gamal stølsveg.
På Gamlestølen er det no ingen stølshus, men ein kan framleis sjå dei gamle murane etter bygga som stod her.
Frå Gamlestølen kan ein gå vidare til Skeisfjell, Malmangernuten eller ned i Hattebergsdalen. Sjå desse turforslaga:
I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:
Ta av frå Fv 500 i Seimsfoss sentrum og følg skilta til Guddal/Galleri Guddal.