Steinalderstien frå Straume kai til Kotedalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 1,9 km
  • 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 24 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar ved rasteplassen like før Straume kai. Følg sti forbi Bøneset, Ramsvikneset, Ilddalsneset og vidare til Kotedalen. Når du kjem til Kotedalen kan du gå same sti attende til utgangspunktet. Alternativt kan du gå ca 30 meter mot venstre (pass på å gå utanfor dyrka mark) og ta sti opp mot brua og trapp opp til vegen. Følgd deretter bilvegen attende til Straume kai.  

Undervegs passerer du fleire buplassar frå steinalderen. Fleie stader langs stien er det sett sett opp informasjonsskilt der du kan lesa meir om steinalderen ved Fosnstraumen! På Ramsvikneset er det sett opp eit skinnkledd "steinaldertelt" som viser korleis steinalderfolka kan ha budd.

Det er fleire fine fiskeplassar ved Fosnstraumen, men bruk redningsvest også på land, då straumen er strid. 

Denne turen kan kombinerast med steinalderstien på Rapeneset, som har same startpunkt: Steinalderstien frå Straume kai til Kotedalen (ut.no)

Adkomst med egen bil

Ta av frå Slettevegen mot Straume kai / Steinaldersti. Parkering på venstre side like før Straume kai. 

Adkomst med kollektivtransport

Ta buss 326 frå Knarvik eller Mastrevik til stopp Straume nord. Gå til Strame kai / Steinaldersti. 

Annonse

on the path