Skjorta er eit monumentalt fjell, som ligg litt for seg sjølv som ein koloss ved Breimsvatnet. Toppen er ein turklassikar, og er lett å få auge på når du er på tur på mange andre toppar i Jølster. Skjorta er ein lang tur, som gjev stor variasjon i naturopplevingane undervegs.
Turen startar i vakre Helgheimsdalen. Etter nokre få meter frå parkeringa passerer du Helgheimstøylen. Det går ein flott tilrettelagt sti, som i jamn stigning, tek deg opp til Vasskaret. Skaret ligg mellom fjella Vardefjellet og Brekkefjellet. I skaret er det plassert ei lita hytte (privat).
Etter å ha passert Vasskaret må du ta deg ned ein noko bratt skråning på omlag 70-80 høgdemeter ned til Vasskarvatnet. Dette partiet er det mest utfordrande på turen. Her er dei ei steinur i ganske bratt terreng, som ofte er snødekt. Tidleg på sesongen må ein vere observant, og ikkje byrje å gli i den bratte snøfonna. Seinare på sommarsesongen vil det som regel ha smelta vekk såpass mykje snø at du lett tek deg ned ved å gå på steinane i ura.
Du følgjer fin og merka sti på austleg side av Vasskarvatnet og vidare over myrlendt parti, og går på den vestlege sida av Tverrlivatnet. Du må over nokre små rolege elvefar undervegs gjennom dalføret, der du går i flatt og lett kupert landskap. Det er fisk i vatna i dette området her, som og er ein flott stad å slå leir med telt.
Etter å ha passert Tverrlivatnet følgjer du stien vidare i nordleg retning mot ryggen som tek deg opp mot Skjorta. Det er lett og fint terreng å gå i opp heile ryggen. Det er lurt å ta seg tida til nokre pausar og nyte utsikta attende til Vassdalen du nett har passert, og til utsikta til Nydalen som etterkvart opnar seg. På eit punkt eit stykke opp på ryggen får du og god utsikt til Stardalen.
I det du byrjar å nærme deg topp-platået av Skjorta endrar terrenget seg, og du vil byrje å gå meir på stein. Om det er snø, og det ligg snøfenner i dette området, må du følgje godt med på at du ikkje går ut på noko skavlar. Oppe på platået må du gå eit godt stykke i ganske flatt terreng innover mot toppen der varden er. Det er godt varda og merka innover platået.
På toppen får du flott utsikt mot fjella i Jølster og Gloppen i vest. GPS-sporet er spora til der varden står. Om du ønsker utsikt til Gloppen-sida må du gå eit stykke vidare i nordleg retning. Det er flott utsiktpunkt til Breimsvatnet, og grendane rundt, på platået rett ovanfor Langnesnibba. Om du vil sjå ned til Førs (Førde i Jølster) må du ta deg i noko austleg retning igjen. Om det er snø i området må du vere obs på at du faktisk går på fjell, og ikkje tek deg ut på skavlar. Skjorta har svært bratte fjellsider i dette området, og snøen heng ofte lenge att utover sommaren som store skavlar.
Ein må rekne med å bruke 4-5 timar opp og 3 timar ned att.
Publisert av AC Kapstad for Indre Sunnfjord Turlag
Ta av E39 på Helgheim (vest for kyrkja) og køyr opp vestlegaste skogsveg. Du må betale bom-avgift for å køyre opp vegen (tek Vipps). Vegen er ganske bratt i starten, og flatar meir ut når du nærmar deg støylen. Vegen har hatt litt ulik kvalitet siste åra, og vert prega av at vær og vind tærar på den. Det er fordel å ha 4-hjulstrekk og litt bakkeklaring, samt røynsle med å køyre på skogsvegar. Langs vegen er det mykje beitande storfe. Du må late opp og att fleire grindar under bilturen opp. På parkeringa rett før støylen er det ofte laga til inngjerda parkeringsområde, slik at bilane står trygt for at storfe går nær bilane.