Frå Heio til Stovegolvet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,5 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 302 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Stovegolvet ligg 703 meter over havet. Her får ein eit fantastisk skode 360 grader over Stord og resten av øyriket. Du kan her sjå sola kome opp i aust bak Folgefonna og gå ned vest i havet.

Frå gamalt av vert det sagt at ein på klårværsdagar kan sjå nausta på Englandskysten. Ta med kikkert og finn ut om dette stemmer!

Hytta Stovegolvet vil vere godt eigna for helgeturar for både store og små. Turen opp er godt skilta og følgjer merka sti. Frå parkeringa ved Heio følgjer du vegen mot Katnakken eit lite stykke forbi bommen, før du straks ser sherpatrappene som følgjer elva mot Kvelve. Første mål for turen er øvste varde i Fossetrappo på 586 moh. Her passar det fint med ein stopp for å nyte utsikta.

Du skal fortsetje nokre høgdemeter og stien til Stovegolvet held fram på god sti sørvestover. Her kan det vere noko vått ved mykje nedbør. Turen går vidare i småkupert fjellterreng, og ein liten time frå parkeringa ved Heio har ein nådd turmålet og Stovegolvet som ligg på 703 meter over havet.

Namnet Stovegolvet kjem frå den store flata som openberrar seg på toppen. Til Stovegolvet kan ein følgje stien frå Lundseter eller frå Heio. Sjå òg lenkja for skildring av rundturen.

Det er Stord-Fitjar Turlag som tok initiativ til å få reist ei turlagshytte på det populære turmålet Stovegolvet, ein liten times gåtur frå parkeringsplassen på Heio. Hytta var tidlegare eigd av Stord tinde- og klatreklubb. Hytta har 21 sengeplassar, opphaldsrom, kjøkken, gang, bod, solcelledrive el-anlegg og utedo.

Last ned DNT Hyttebetaling på mobilen. Då kan du enkelt betale både for overnatting og dagsbesøk på hytta. Prisar finn du i lenkjesamling. (Dagsbesøk medlem kr.70/ikkje-medlem kr.90).

OBS! Det er vatn på hytta til oppvask og golvvask, men dette kan ikkje drikkast. Drikkevatn kan fyllast på i bekken ved sherpatrappene.

Les meir her om korleis du brukar ein sjølvbetjent/ubetjent DNT-hytte.


Adkomst med egen bil

Kommer du fra Sandvikvåg følg E39 sørover. Ta av til Fjellgarane og følg vei innover til Lundarstøl og videre til Heio. 

Stor parkering ved Heio. 

Adkomst med kollektivtransport

Det går ingen busser til Heio.

Annonse

on the path