Lundeskaret er ein eldre ferdselsveg mellom Jølster og Fjærland, og er ein mykje brukt tursti. Allereie tidleg på 1900-talet byrja DNT å utbetre stien opp det tronge og naturville skaret i Kjøsnesfjorden. I dag er stien tilrettelagt med trapper på enkelte stader, og i dei brattaste partia er det noko å halde seg i.
For enkelte vil stien opp Lundeskaret kunne opplevast som luftig. Det er verdt å merke seg at det ofte ligg bratte snøfelt både nedst og øvst i skaret. Desse kan ligge til ut i juli månad. Det er frårådd å gå opp desse snøfelta utan stegjern og isøks. Når du har gått opp Lundeskaret, får du mektig utsikt mot Lundebreen. Her kan du velje mellom å gå vidare til Søgnesandsnipa mot vest, eller til Marabreen mot søraust. Stien opp Lundeskaret er den brattaste DNT-ruta i landet! Stiane er graderte som raude ruter.
Opp Lundeskaret: Turen startar rett ved inngangen til Fjærlandstunnelen. Stien går på sørlig side langs elvefaret før den svingar opp mot skaret. Stien ligg naturleg i det bratte skaret. Dei brattaste og luftigaste partia krev konsentrasjon slik at ein trør riktig.
Lundeskaret til Marabreen: Frå skaret går du i sørleg retning gjennom dalføret i lett og fint kupert terreng. Etter kort tid passerer du brua over elva som kjem frå Langevatnet. Du held fram i same retning i jamn stigning opp ryggen mot Marabreen. Turen er merka fram til grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark.
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
Det er fint å gå vidare inn i nasjonalparken for å kome tettare på Marabreen, som også er innsteget er for turen over breen til Fjærland. For å gå på breen må du har breførar og breutstyr. Du kan også gå vidare langs ryggen i nordvestleg retning. Her er det ein del parti med laus ur. Ved foten av Tverrfjellet passerer du ei tjørn ved 1225 moh. på vestsida. Her er fin utsikt mot både Kjøsnesfjorden og tjørna, som ligg i brekanten. Vegen vidare mot Tverrfjellet er i starten bratt og ligg i til dels laus ur, og krev klyving. Det er ikkje sti eller merka rute opp til Tverrfjellet. Turen opp her krev erfaring og orienteringskompetanse. Det kan m.a. vere noko utfordrande å finne den rette ruta ned att i det bratte terrenget når du skal ta gå ned att frå toppen.
Fakta:
Frå parkeringa i Lundebotnen–Lundeskaret: 2,2 km, stigning 620 høgdemeter. Tid: 2,5-3 timar. Lundeskaret er bratt. Her vil dei med erfaring med slikt terreng gå ein god del raskare enn dei som ikkje ferdast i slikt terreng så ofte.
Lundeskaret–Marabreen: 1,5 km, stigning 300 høgdemeter. Tid: 1,5 -2 timar.
Samla tek turen 7-8 timar. Om du vel å gå vidare inn i nasjonalparken langs ryggen bort til foten av Tverrfjellet må du legge til 2-3 timar tur/retur.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Følg riksveg 5 til Lundebotn i Kjøsnesfjorden i Jølster. Parkering på parkeringsplass rett ved Fjærlandstunnelen. Det er mest vanleg at turfolk brukar parkeringsplassen ovanfor vegen. Om der er full parkering kan du parkere på plassane på utsiktspunktet nedanfor vegen.
Når du har parkert må du gå nokre få meter på riksvegen på brua over elva i retning mot tunnellen. Her må du følgje godt med på trafikken og halde deg godt ute på kanten av vegen.