Lundeskaret er ein eldre ferdselsveg mellom Jølster og Fjærland, og er ein mykje brukt tursti. Allereie tidleg på 1900-talet byrja DNT å utbetre stien opp det tronge og naturville skaret i Kjøsnesfjorden. I dag er stien tilrettelagt med trapper på enkelte stader, og i dei brattaste partia er det noko å halde seg i.
For enkelte vil stien opp Lundeskaret kunne opplevast som luftig. Det er verdt å merke seg at det ofte ligg bratte snøfelt både nedst og øvst i skaret. Desse kan ligge til ut i juli månad. Det er frårådd å gå opp desse snøfelta utan stegjern og isøks. Når du har gått opp Lundeskaret, får du mektig utsikt mot Lundebreen. Her kan du velje mellom å gå vidare til Søgnesandsnipa mot vest, eller til Marabreen mot søraust. Stien opp Lundeskaret er den brattaste DNT-ruta i landet!
Opp Lundeskaret: Turen startar rett ved inngangen til Fjærlandstunnelen. Stien går langs elvefaret før den svingar opp mot skaret. Stien ligg naturleg i det bratte skaret. Dei brattaste og luftigaste partia krev konsentrasjon slik at ein trør riktig.
Lundeskaret til Søgnesandsnipa: Frå skaret går du på sti i sørvestleg retning før du dreiar mot nordvest. Her byrjar stigninga opp mot Tuva (1304 moh.). Stien går på mykje stein og berg. Stien passerer under Tuva, og går i vestleg retning opp ein bratt rygg med mykje svaberg. Oppe på platået dreiar stien i nordvestleg retning, og du følgjer ryggen i lettgått terreng vidare mot toppen (1548 moh.).
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
På grunn av mykje svaberg bør turen til Tuva og Søgnesandsnipa gåast på tørre dagar. Du finn ikkje vatn etter Lundeskaret. Om du ikkje vil gå heile turen, er det flott utsikt over Kjøsnesfjorden frå Tuva (1304 moh.). Herifrå kan du også gå vidare i austleg retning mot høgda 1290 moh. Frå Søgnesandsnipa (1548 moh.) kan du gå vidare langs ryggen på umerka sti i nordvestleg retning. På 1482 moh. er det eit utsiktspunkt til Sygnesand og Kjøsnesfjorden.
Fakta:
Frå parkeringa i Lundebotnen–Lundeskaret: 2,2 km, stigning 620 høgdemeter. Tid: 2,5-3 timar. Lundeskaret er bratt. Her vil dei med erfaring med slikt terreng gå ein god del raskare enn dei som ikkje ferdast i slikt terreng så ofte.
Lundeskaret–Søgnesandsnipa: 5,6 km, stigning 580 høgdemeter. Tid: 4 timar.
Samla tek turen 8-10 timar.
Turen opp frå Lundeskaret til utsiktspunkt på Tuva tek 1,5-2 timar opp. Frå toppen av Søgnesandsnipa (1548 moh.) og vidare ut på ryggen til utsiktspunktet tek 1-2 timar ekstra tur/retur.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Følg riksveg 5 til Lundebotn i Kjøsnesfjorden i Jølster. Parkering på parkeringsplass rett ved Fjærlandstunnelen. Det er mest vanleg at turfolk brukar parkeringsplassen ovanfor vegen. Om der er full parkering kan du parkere på plassane på utsiktspunktet nedanfor vegen.
Når du har parkert må du gå nokre få meter på riksvegen på brua over elva i retning mot tunnellen. Her må du følgje godt med på trafikken og halde deg godt ute på kanten av vegen.