Fottur til Bjørsetfjellet frå Årdalen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,6 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 744 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Alle dei tre rutene fjelltrimmen i Jølster har merka med startpunkt i Årdalen vil gi deg stor utsikt i både austleg og vestleg retning langs Jølstravatnet. Toppane er på kring 900-1070 moh., og ligg i eit ope fjellterreng med gode stiar. Turane er ikkje lenger enn at fjellvande folk kan nå fleire på same dag.

Følg skogsveg i vestleg retning opp til Øyskaret. Her kan du velje tre ulike ruter vidare. Når du skal på Bjørsetfjellet går du frå Øyskaret på sti ganske flatt nokre hundre meter i sørleg retning, og følgjer så ryggen opp til Bjørsetfjellet. Frå varden på Bjørsetfjellet er det merka vidare til utsiktspunkt ved Mosesvarden. Her får du flott utsikt mot Skei.

Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Tips:
Om du ønsker ein lenger tur kan du frå Øyskaret ta turen oppom til Hegrenesnipa eller Tverrlifjellet. Begge desse er godt merka og skilta av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Frå toppen av Bjørsetfjellet kan du og velje å gå vidare i vestleg retning over topp-platået og gå ned til Bjørsetstøylen, og ev. vidare ned til Hegrenesåsen på Ålhus. Sjølv om denne ruta ikkje er skilta av Fjelltrimgruppa er det god sti over fjellplatået med mange raude merker i terrenget ned til støylen. Frå Bjørsetstøylen er det godt merka og tydeleg sti.

Fakta:
Bjørsetfjellet frå parkeringa 4,3 km, stigning 740 høgdemeter. Tid: 3-3,5 timar opp. Samla tid 6 timar.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) i Årdalen i Jølster og køye mot Erikstad. Køyr på Årdalsvegen og vidare mot vestlegaste skogsveg ved Årdalselva innover Årdalsdalen. Parker på parkering på den store skiløypeparkeringa 50 meter etter avkøyring til Jølsterlia Hyttetun. Ein kan og parkere på toppturparkeringa før ferista. Betaling med Vipps for parkering.

Annonse