Alle dei tre rutene fjelltrimmen i Jølster har merka med startpunkt i Årdalen vil gi deg stor utsikt i både austleg og vestleg retning langs Jølstravatnet. Toppane er på kring 900-1070 moh., og ligg i eit ope fjellterreng med gode stiar. Turane er ikkje lenger enn at fjellvande folk kan nå fleire på same dag.
Følg skogsveg i vestleg retning opp til Øyskaret. Her kan du velje tre ulike ruter vidare. Frå Øyskaret går du på god sti i sørvestleg retning mot toppen. Varden ligg ca 100 meter vidare frå toppen. Flott utsikt over Ålhus frå Varden.
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
Om du ønsker ein lenger tur kan du frå Øyskaret ta turen oppom til Bjørsetfjellet eller Tverrlifjellet. Begge desse er godt merka og skilta av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Frå toppen av Hegrenesnipa kan du og velje å gå ned til Ålhus via Skarstøylen. Sjå lenke for informasjon om denne turen.
Fakta:
Hegrenesnipa frå parkeringa 3,4 km, stigning 610 høgdemeter. Tid: 2,5-3 timar opp.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Ta av Jølstravegen (E39) i Årdalen i Jølster og køye mot Erikstad. Køyr på Årdalsvegen og vidare mot vestlegaste skogsveg ved Årdalselva innover Årdalsdalen. Parker på parkering på den store skiløypeparkeringa 50 meter etter avkøyring til Jølsterlia Hyttetun. Ein kan og parkere på toppturparkeringa før ferista. Betaling med Vipps for parkering.