Brandsøyåsen med sine 290 høgdemeter og 360 graders utsikt, er Florøs mest besøkte byås og vel vert turen. Det er mange stiar opp til toppen av Brandsøyåsen.
Ønsker du ein rundtur frå Brandsøy Barneskule går du asfaltvegen opp mot vanntanken. Ta av frå vegen og føl den grusa stien som går til høgre nedanfor vanntanken, då kjem du inn på asfaltvegen til toppen. Tar du til høgre på asfaltvegen og litt nedover kan du ta stien oppover Norefjell til toppen av Brandsøyåsen eller du går til venstre på asfaltvegen då kjem du inn på stien til toppen av Brandsøyåsen litt lenger oppe ved skiltet Blondsdalen.
Returen frå toppen kan du ta via sørsida dersom du gjekk opp via Norefjell. Sporet på kartet føl den nedre stien. Ta av frå gangbrua litt fram og så til høgre. Føl denne stien nedover til Blondsdalen og asfaltvegen til du kjem attende til grusstien i retning vanntanken og videre asfaltvegen tilbake til Brandsøy Barneskule.
På toppen finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå.
På toppen er det gapahuk, kikkert og platting med bord og benker. Heile året og heile døgnet kan ein nyte utsikta frå toppen av Brandsøyåsen.
God tur