Lett tur til Ænessætra, Mauranger, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,6 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 114 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for turen ved å bla i bilda øvst på sida.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass langs Gardsvegen 120 meter før Ænes kyrkje.
  • Merking: Informasjonstavle ved kyrkja. Vegen innover er ikkje merkt.
  • Høgdeskilnad: 40 – 100 moh

.

TUROMTALE

Turen går til venstre for kyrkja, langs kyrkjegardsmuren. 

Det er god grusveg heilt fram til Ænessætra, og denne turen er såleis godt eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol. Men det er ein bratt bakke ca 1 km etter starten. Elektrisk rullestol må difor ha ein kraftig motor.

Dette er eit svært idyllisk område. Undervegs møter ein ei brusande elv, lenger inne går den over til å bli heilt stilleflytande. Her høver det å ta ein kanotur.

GODE RÅD

Ved Hølen, der vegen går nær elva, kan ein studera dei spesielle meandersvingane på den stilleflytande elva. Ænesdalen har ei av dei største hjortestammene i landet og elles eit rikt fugle- og dyreliv.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Ta av frå Fv 500 ved skilt til Gardsvegen/Ænes kyrkje.

Annonse