Kalveneset - Øyraskora - Urrabben - Rundtur 

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,5 km
    3 timer
  • Sesong
    Mar - nov

Det er merka parkeringsplass og informasjonsskilt ved start.

Turen går på god skogsveg opp til Øyraskora. Ved Øyraskora går du gjennom tunet ved den gamle garden og føl stien som er skilta mot Knappstad. Stien frå Øyraskora kjem inn på ein gamal skogsveg ved Knappstad. Føl denne og ta til høgre i vegkrysset. Hald til høgre også ved neste vegkryss eit stykke oppover før du tar av til venstre på sti opp i skogen mot Ytrestøylen. Føl stien opp mot Ytrestøylen og i stigninga her står skiltet som viser til Urastien. Gå Urastien i retning aust og over Urrabben og du får Uravatnet på venstre side. I vestre enden av Uravatnet ligg det ei Jettegryta - det er skilta til Jettegryta frå stien. I austre enden finn du ei stor furu som to personer ikkje klarer å ta rundt. Gå stien til endes av vatnet men like før du tar ned til vatnet, går du til høgre og føl stien ned bratta til dalen Djupeselda. I Djupeselda føl du skilta sti tilbake til Øyraskora og den gamle garden. Her møter du også stien frå Hestvika.

Du kjem ned att til Øyraskora på baksida av den gamle løa. Herifrå går du same skogsvegen ned som du kom opp frå Kalveneset.

Flott vår og hausttur

Tråkket er gått 30 04 2019

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå RV 5 og ta av på Fv 615 til Kalveneset. Det står informasjonstavle der du parkerer
Annonse

Publisert av

Flora Turlag