Blåfjellet og Trollet på Ålhus

Legg til huskeliste
Annonse

Dette er ein flott tur der du går på rygg og får flott utsikt mot Jølstravatnet og dei stolte fjella rundt Nedrebødalen på Ålhus. Turen går i lett og fint terreng, og gir mykje fjelloppleving!

Turen startar på Nedrebø. Vis omsyn til gardstun du passerer, og beitande dyr. Lat att grinder etter deg. Flott vandring i gamal beiteskog opp til ryggen. Over skoggrensa følgjer du rygg opp til Blåfjellet der tre steinvardar står og speidar utover Jølstravatnet. Her i frå er det kort veg vidare til Trollet, som gir deg utsikt mot Sølvet og Syskarsnipa. Mellom Blåfjell og Trollet kan det tidleg på sesongen i mai/juni ligge mykje snø, og vere skavlar i austleg retning mot Ålhusdalen. Følg derfor med på dette når du går mellom dei to toppunkta.

Turen tek 4-5 timar t/r. Turen kan forlengast vidare til Sølvet og Syskarsnipa.

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

E39 til Ålhusdalen og Nedrebø. Parkering på toppturparkeringa ved fjøsen på garden Nedrebø. 

Annonse