Haugabreen i Stardalen er del av Myklebustbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark. Dette er ein av brearmane på Vestlandet som er lettast tilgjengeleg til fots. Stien er mykje nytta av folk som skal på bretur, og er godt merka og varda. Sporet stoppar der utsikta mot Haugabreen er på det finaste. Det anbefalast at du stoppar turen din her.
Du startar turen frå parkeringa av enden av skogsvegen. Du går i nordleg retning på god sti eit kort stykke fram til Haugastøylen. Herifrå følgjer du sti i flatt morenelandskap langs breelva som går gjennom dalføret. Ganske kort tid etter støylen går du inn i Jostedalsbreen nasjonalpark. Etter eit stykke innover møter du ei bru. Du skal ikkje gå over denne. Hald fram på vestsida av elva på stien som gradvis dreier opp mot fjellsida der fossen renn. Stien går på laus grus og vert jamt brattare oppover. Du har ei elvepassering undervegs. Ofte er det plassert ut ei bru over denne grova, men ikkje alltid, sidan elva av og til tek med seg brua. Etter elvepasseringa flatar partiet ut, og du kjem over i terreng med meir stein og blankskurt svaberg. Desse kan vere våte og sleipe å gå på.
Det er bratt og komplekst terreng i området. Det er derfor viktig at du følgjer same stien ned att som du gikk opp.
Tips
Sidan breen kan kalve når som helst, der store isblokker kan falle ut, er det svært farleg å gå for nær isbreen. Også denne. Eit skilt syner deg kvar du skal stogge. Respekter dette skiltet.
I tillegg til Indre Sunnfjord Turlag sine årlege turar på Haugabreen er det fleire lokale firma som tilbyr brevandring og klatring i blåisen. Ting deg tur med guide med eit av desse firmaene dersom du ønsker å gå på breen.
Fakta
Turen er på omlag 2,5 km kvar veg og 5 km t/r, og 300 høgdemeter. Tid: Omlag 1.5-2 timar opp, og 3,5-4 timar t/r.
I utgangspunktet kan turen graderast som blå der stien går. Den er likevel gradert raud. Dette fordi du er i komplekst brelandskap der feilorientering kan skape uheldige situasjonar. Samtidig kan elvepasseringa undervegs vere krevjande dersom brua er vekke, og det er stor vassføring i grova.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen. Ta av til Høyset og Høyset Camping.
Mot avgift kan du køyre noko bratt skogsveg opp i Haugadalen. Det er montert automatisk skiltlesing i bommen ved Høyset Camping.
Parker på parkeringa som er ved enden av skogsvegen rett før Haugastøylen. Dette er eit godt besøkt område. Parker derfor slik at det vert plass til flest mogeleg bilar på parkeringsplassen.
Om du ikkje vil køyre opp kan du parkere på toppturparkeringa ved Høyset Camping. Parkering mot avgift (Vipps). Det er rundt 300 høgdemeter opp skogsvegen, som er på omlag 2 km lang.