Napuren er det høgaste punktet i Fyresdal kommune. Toppen ligg i Austheiane, sørvest for Hallbjønnsekken, og er grensepunkt mellom tre kommunar: Fyresdal og Tokke i Telemark og Valle i Agder. Det er merkt sti heilt til toppen, og frå varden får du flott utsyn i alle himmelretningar.
Rutebeskriving
Turen startar ved Vøylen, der det er bru over elva. Herfrå følgjer du merkt sti heile vegen til toppen. Stien går først sørover opp lia og vidare opp Kuskardet. Han går på nordsida av dei to første Kuskardtjønnane før han kryssar bekken før det neste tjønnet. Deretter startar oppstiginga mot toppen.
Stien går rundt toppen og kjem inn frå sørvest før den siste strekninga til varden. Frå toppen kan du nyte vid utsikt over Austheiane og områda omkring. Returen går same vegen tilbake
Parkeringen på Vøylen som ligger ved riksveg 45 mellom Valle og Dalen, 2 km vest for Hallbjørnsekken, eller ved Hallbjørnsekken. Vær obs på privateparkeringer i området.
Kollektivtransport er mogleg til Dalen eller Valle. Frå desse stadene må ein rekne med vidare transport til startpunktet ved Vøylen/Hallbjønnsekken langs FV450. Sjekk gjeldande rutetider før avreise. [Topptur til Napuren], [visittelemark.info]
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding