Topptur til Håsteinen / Inste Håsteinen 964 moh, den høgste toppen på Håsteinen platået som består av tre toppar med Håsteinsvatnet i midten. Turen som her er omtala går til Ytste Håsteinen / Høydalsnipa 933 moh via Simavatnet.
Ta av frå FV 611 i Store Høydal der er skilta til Håsteinen - parkeringsplass. Der er parkeringsavgift.
Skilt viser kvar du skal gå, følg skilta og gå over brua som kryssar Høydalselva. Då kjem du opp på skogsvegen. Følg denne vidare og gå gjennom grida der det står tomme malingspann på. Vidare oppe kjem til ei bru som går over Høydalselva og ovafor er tuftene etter Høydalsstølen. Følg stien rett fram og gå inn til Høydalsvatnet. Der stien deler seg, ved skilt til Håsteinen ( T ), tek du til høgre på god sti gjennom fin bjørkeskog. Terrenget blir her brattare, men fint å gå. Stigning på omlag 200 høgdemeter frå Høydalsvatnet til du kjem opp til Simavatnet og terrenget flatar ut. Undervegs er der ei fantastisk utsikt mot Høydalsvatnet, Florø og øyane i vest. Simavatnet og gjetarhytta / Simastova kjem til syne når du er komen opp over det bratte partiet.
Det er fleire bekker som vanligvis ikkje er problem å krysse
Simastova er eigd av Standal beitelag.
Kryss over høgda bak Simastova i retning Ytste Håsteinen / Høydalsnipa og der finn du stien opp til toppen 933 moh. Det er også merka opp til Håsteinen / Inste Håsteinen 964 moh når du har passert over høgda frå Simastova.
På Villebøen (lokalt navn) finn du stiskille der stiane opp frå Store Høydal, Øvre Standal og Steindal møtast.
Vær obs - det kan ligge snø i skaret opp til Håsteinsplatået på våren
God Tur !
Turen startar frå Store Høydal på FV 611