Turen til Kjelstadnakken er ein typisk Sunnfjordtur der du går oppover jamnt og trutt fra start til slutt. Belønninga er utruleg god utsikt og eit oversyn som slår det meste. Frå parkeringsplassen framfor vegbommen i Kvanndalen går ein litt langs vegen, før du tek til høgre, over elva og startar på stigninga. Stien er ikkje merka, men tydeleg i terrenget. Den følgjer fjellet og ryggen oppetter før den dreier litt austover før finalen opp til Varden.