Skorpa Rundt øya

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,2 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 101 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - nov

Gå rundt den vestlegaste delen av øya Skorpa via Båsundet. Rundturen går i lett terreng og høver godt også med små born. Det er fint å leike og bade i fjærene, til dømes på Melkesanden, vika rett mot vest mot Båsundet.

Utgangspunktet for rundturen er kaia i Skorpevågen der rutebåten legg til. Følg vegen frå kaia og ta til høgre i vegkrysset. Etter eit lite stykke ta til venstre og gå langs med Skorpevatnet og følg den merka stien til skiltetpunktet Båsundet. 

Skiltetpunktet Båsundet viser veg til tre alternative ruter: Blåkollen, Kvalsund/Kvaløysund rundtur Øyane Over og Båsundet. Følg skiltretning mot Båsundet til venstre, ned til sjøen og stien som er merka med pålar med raude plastband. Ein kan gå tilbake til kaia der skiltet til Skorpevågen viser veg, men det er ein vakker tur å gå rundt øya, forbi Tobbevika og langs sjøen ut i Båsundet i vest. Spesielt er det fint å gå her ein kveld med sola vest i havet.

Frå Båsundet går turen vidare på bilvegen Skorpevegen omlag 2 km forbi Æsøyna og innatt på sørsida av øya til rutebåtkaia i Skorpevåg.

Turtips: Kjem du med eigen båt kan du legge til i Æsøysundet der det er lagt ut flytebrygge, Florø Båtforening si uthamn. Fint utgangspunkt for turane på øya.

God tur!

Adkomst med egen bil

Rutebåt til Skorpevåg. Eigen båt til Florø Båtforening si uthavn i Æsøysundet

Annonse