Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde i Øvre Årdal, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i området og desse er tilgjengeleg i UT-appen. Dagsturhytta i Årdal er plassert like ved utsiktspunktet og turposten til Årdal Turlag på toppen.
MOAKAMBEN
Alternativ 1: Start fråparkeringsplassen på Moa og følg skilting til Moakamben. Etter ca 200m tek stien av opp til venstre. Turen opp til utsiktspunktet på toppen går på god sti og tek normalt 0,5-1t.
Alternativ 2: Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til toppen, men alle endar opp ved utsiktspunktet og turposten til Årdal Turlag. Pass berre på at du ikkje tek av på sti ned til høgre mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 0,5-1t.
Gps-spor og høgdeprofil viser turen med start frå Lykkja og slutt ved parkeringsplass på Moa.