Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,1 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 454 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Siggjo har til alle tider vore eit viktig innseglingsmerke som ein kan sjå langt til havs. Fjellet er eit populært turmål, og mange tusen besøkjer det kvart år.

Frå parkeringsplass følgjer du ein godt merkt sti, som går over i ein traktorveg. Følg traktorvegen oppover til skilt merkt Siggjo, og herfrå sherpatrapper heile vegen mot toppen. 

Ta deg tid til nokre stopp undervegs, og nyt utsikta etter kvart som ho opnar seg. Frå Siggjo er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Du vil kunna sjå heilt frå Lyderhorn ved Bergen til Haugesund. Folgefonna ligg i aust som eit glinsande kvitt teppe, og i vest kan du sjå utover storhavet så langt auga rekk. Ein kan sjå Bømlo med sine meir enn tusen øyar og skjergarden i heile Sunnhordland.

På toppen er det merkt stig til ryolittbrot. Her kan ein sjå spor etter fleire tusen år gammal steinbryting. Ryolitt-varianten som finst på Siggjo, er særmerkt og lett kjenneleg, med ein mørk grønleg botnfarge og lysare årer og spetter. Steinen vart broten frå fjellet med eld og vatn. Ryolitten frå Siggjo var i bruk frå kring 4000 til kring 2000 år f.Kr. Det meste av Siggjo-ryolitten vart brukt i Hordaland.

Dette området har stor verneverdi, så respekter dette og ikkje ta med stein herfrå.

I lange, lange tider har Siggjo vore vêrmerke og vêrvarslar:
- Tek Siggjo på seg hatten, er det varsel om vatten.
- Tek Siggjo på seg kåpa, på godvêr kan du ikkje håpa.
- Tek Siggjo på seg beltet sitt, vert det sol, men det skyar litt.
- Står Siggjo naken og klår, er det om godvêr ho spår.

Segna fortel at Heilag Olav ein gong gøymde eit skrin med gull i Siggjo. Han sette det slik at sola skein inn gjennom nykelhòlet klokka tolv Olsokdagen, og då skein det i gullet lang veg. Denne gamle segna er ikkje så kjend i dag. Men før i tida har det kanskje vore meir enn éin som sleit og sveitta på bøen eller om bord i fiskebåten, som ved middagsleite Olsokdagen retta ryggen og sende eit lengselsfullt blikk opp mot Siggjo i von om å sjå gullglimting ein eller annan stad i Siggjahadlene.

Siggjo has always been an important sailing mark visible from long distances. The mountain is a popular walk destination. Thousands of people visit Siggjo every year.
From the parking place you follow a well marked path which turns into a tractor road. Follow the tractor road up to the sign marked Siggjo, and from this place there is a marked path up to the top. Take time to stop once a while and enjoy the view as it opens up. From Siggjo there is a marvellous view in all directions. If the weather is good you can see from Lyderhorn by Bergen to Haugesund. Folgefonna (glacier) lies in the east like a shining white carpet, and in the west you have a good look towards the ocean as far as the eye can see. You can see Bømlo and her more than thousand islands and the skerries in all of Sunnhordland.

On the top there is a marked path to a ryolitt quarry. Here you can find traces from thousands of years of stone quarrying. The ryolitt-variant found on Siggjo is characteristic and easily recognized, with a dark greenish bottom colour and lighter veins and spots. The stone was broken from the rock by means of fire and water. The ryolitt from Siggjo was in use from about 4000 to about 2000 BC. Most of the Siggjo-ryolitt was used in Hordaland.
This area is highly worthy of preservation. Please respect this and do not bring with you stone from this place.


For long, long times Siggjo has been a weather sign and weather forecaster:
When Siggjo puts on her hat, it is a sign of water
When Siggjo puts on her coat, you cannot hope for good weather
When Siggjo puts on her belt, it will be sunny, but also a bit cloudy
When Siggjo is naked and clear, she predicts good weather 


The story tells that Saint Olav once upon a time hid a shrine with gold in Siggjo. He put it in a way so that the sun should shine through the key hole at 12 o’clock on St Olaf’s Day (29th of July), and then it was possible to see the shine from the gold from long distances. This old story is not so well known today. But in former times there has perhaps been more than one person working hard and sweating on the field or on board the fishing boat, who at twelve on Saint Olaf’s Day straightened up and looked around towards Siggjo yearningly hoping to see the shine of gold somewhere from the hillsides.

Adkomst med egen bil

Parkering: Ved riksveg/fylkesveg 542 på Stokka i Siggjarvåg er det gode parkeringstilhøve. Her stoppar bussen på signal. Nede i Siggjarvåg, og i Håvik, er det tilkomst til løypa for båtturistar.
Annonse