Hallingskeidvegen - Historisk vandrerute

Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 19,4 km
  • 8 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 832 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt

OBS: ved langvarig og intens nedbør er det antatt fare for jord- og sørpeskred i området mellom Osa og Ossete og videre opp mot 1200 moh. Vi anbefaler å følge med på farevarsel i værmeldinga eller på varsom.no.

Vær og føre varierer mye. Kart og kompass anbefales, merking kan forsvinne under snø og i tåke. Sjekk aktuelle føremeldinger på www.bergenoghordalandturlag.no/føremeldinger før turen.

Denne turen er ein av våre Historiske vandreruter. Eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren, som gjer gamle ferdselsveger betre kjent og meir brukte. Dei utvalde rutene gjev deg flotte friluftsopplevingar saman med unik kulturarv.

Hallingskeidvegen frå Osa og oppover i høgfjellet, i Ulvik herad, er ein spannande og litt krevjande tur. Vegen har vore nytta til ferdsel i uminnelege tider. Ein kan gå den både frå Hallingskeid turisthytte, eller starte i Osa og ta tyngste delen når ein er opplagt om morgonen. Ein kan gå turen på ein dag.

Les meir om Hallingskeidvegen frå Osa og Historiske vandreruter ved å trykke på lenkene til høgre på sida.  

RUTEBESKRIVING:

Turen starter på god tursti og held fram på steintrapper eit stykke opp i fjellsida til Ossete. På Ossete har det vore støling i hundrevis av år. Herifrå er det grei sti og godt merka til fjells. Det er bratt og krevjande, men du får stadig betre utsyn. Vel oppe møtes du av eit goldt landskap, prega av at det ikkje er lenge sidan isen låg, og at mykje har smelta i dei seinare åra. Men det er lett å gå i, og det er flott høgfjellsplatå der du går langs med mange små vatn som blenkjer fint i sola. Nokre år kan det og ligge snø til utpå sommaren; då vil dei høge vardane vise veg. Dette er ein godvèrstur. Øvst i Buerdalen ser du endeleg jernbanelina og Rallarvegen i det fjerne, og no ber det jamt og roleg nedover. Ved stikryss mot Rembesdalen vert underlaget mjukare med gras, mose og lyng. Her har det vore busetjing. Når du nærmar deg Moldåa, passar det med ei lita pause for å sjå utover flatene mot Hallingskeid og stølane der. Det var desse områda som vart brukt til møteplass, kappleik og handel i gamal tid. Etter å ha kryssa brua over Moldåa, er du straks framme på Rallarvegen og følgjer denne fram til DNT-hytta på Hallingskeid. Hytta er frå den tida da Bergensbanen vart bygd. Her passar det å overnatte.

Hugs alltid å ta med kart og kompass, og følg med på kartet undervegs. Du kan sjølvsagt gå turen motsett veg. Dersom du ynskjer å nå buss frå Ulvik og vidare til Bergen same dag, løner det seg å starte med overnatting på Hallingskeid.

Det advares inntil videre å gå turen under eller etter mye nedbør pga. løsmasser etter ras i området høsten 2019.

Adkomst med egen bil

Til Osa: Bil til Osa. Velger ein å utvida turen med tur over Vossaskavlen til Kaldavass, kan man gå tilbake om Ulvik. Til Hallingskeid: Kun tog, til fots eller med sykkel på Rallarvegen frå Finse. Sykkel kan ikkje leverast på toget på denne stasjonen.

Adkomst med kollektivtransport

Frå Osa: Tog til Voss og buss til Osa. Det kan være naudsynt å ta taxi frå Ulvik til Osa, ca 10 km. Ulvik taxi: 911 11 366 Frå Hallingskeid turisthytte: Tog til Hallingskeid, overnatting og neste dag til Osa, kan vere naudsynt med taxi frå Osa til Ulvik, som korresponderer med tog frå Voss.
Annonse