Tursti via Bondhusvatnet til morenesletta nedunder Bondhusbrea frå Sunndal, Mauranger, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,8 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 325 høydemeter totalt
  • Sesong: Feb - nov

Turvegen frå Sunndal til Bondhusvatnet har ei svært spanande historie. Den 2,3 km lange grusvegen er i god stand. Den snor seg langs elva, mellom ruvande fjell i vakkert kulturlandskap.

Turkart: Folgefonna Nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad for området ved å bla i bilda øvst.

Start- og sluttpunkt: Bondhus.

Parkering: Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved fylkesvegen. Parkeringsavgift.

Merking: Skilt og orienteringstavler er oppsette, men ruta er ikkje gjennomgåande merkt.

Høgdeskilnad: 60 – 320 moh.


TUROMTALE

Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Det finst ein mindre tilrettelagt sti vidare langs vatnet og opp til morenesletta i Vetledalen på 320 moh. Dit ned nådde Bondhusbrea i gamle dagar, men no er brea ikkje synleg herfrå lenger.

5. juni 2026 er det lagt ut åtvaring mot å opphalda seg i dette området pga. fare for uventa og plutseleg vassføring., sjå nedanfor...

Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet.

ADVARSEL
Viktig informasjon om naturfare i Bondhusdalen - 5. juni 2026.
Kvinnherad kommune gjer merksam på at det har danna seg ein bresjø i kanten av Folgefonna nær Bondhusbreen. Det er risiko for at vatnet kan tappa seg, det oppstår eit såkalla jøkullaup, og dette kan føra til auka vassføring i området ned mot Bondhusvatnet.
Jøkullaup er flaum og oversvømming som skuldast plutseleg auke i vassføring frå innsjøar demde opp av isbre.

Av omsyn til tryggleiken ber vi alle besøkjande:
Unngå opphald i det skraverte området på kartet som du finn på denne linken: Info frå kommunen
• Respektera skilting og eventuelle avsperringar
• Følgja med på oppdatert informasjon frå kommunen

Fareskilt vil bli sett opp i dalen.
Kommunen samarbeider med faginstansar og vil oppdatera informasjonen ved behov.

WARNING

Important information about natural hazards in Bondhusdalen - June 5th 2026
Kvinnherad Municipality would like to inform that a glacial lake has formed at the edge of the Folgefonna glacier near Bondhusbreen. There is a risk that the water may suddenly drain and lead to increased water flow in the area downstream toward Bondhusvatnet.

For safety reasons, we ask all visitors to:
Avoid staying in the marked area on the map shown here: Info
• Respect signage and any barriers.
• Stay updated with information from the municipality.

Warning signs will be put up in the valley.
The municipality is cooperating with relevant authorities and will update information as needed.

GODE RÅD

FARE - Det vert åtvara mot å klyva opp i berga under iskanten. Isras kan koma heilt uventa.

OBS: Bondhusvatnet er ei drikkevasskjelde. Vi minner om at det då er eit krav at telting må skje med ein avstand på minst 50 meter frå vatnet, og bading i vatnet er forbode.

Rullestol: Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har godt grusdekke. Eigna for motorisert rullestol. Nokre bakkar krev kraftig motor. Fleire grindar må passerast på turen, så hjelpar er nødvendig.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. Her har du linkar til lister som viser alle:


HISTORIE

Isvegen blei bygd i 1863 av sagbrukseigar og skipsreiar Johan Martin Dahll frå Kragerø. Føremålet med vegen var å få transportert is frå Bondhusbrea. Når isen var frakta i robåtar over Bondhusvatnet, kunne han hentast med hest og kjerre på Isvegen og nedover til bryggja for lasting om bord i større farøy. Kvar isklump skulle vega 1 våg: 18 kg. Sidan det blei betalt per våg, prøvde berarane å ta med 2-3 våger om gongen. Då isen vart vegd på nytt ved kaien, viste det seg ofte at mykje av isen hadde smelta undervegs. Under overfarten vart sagflis nytta som isolasjon. Prosjektet var ikkje særleg vellykka. Den tidkrevjande transporten frå breen og den lange reisa over havet, gjorde at smeltinga vart for stor. Sjøreisa var heller ikkje ufarleg med den glatte og ustyrlege lasta. Båtar skal ha forlist etter at fønvindar sette fart i smeltinga og laga ubalanse i skuta. Iseksporten vart avvikla etter nokre få skipslaster, medan Isvegen kom til nytte som turistveg. Og viss du lurer på kvifor dei gjekk gjennom alt dette strevet for å frakta ut isen frå Bondhus, så var det for å kjøla ned mat og drikke under lagring, den tids kjøleskap.

Adkomst med egen bil

Ein god halvtimes køyring frå Årsnes ferjekai;
frå Odda gjennom Folgefonntunnelen;
frå Jondal gjennom Jondalstunnelen.
Frå Fv 500 i Sunndal sentrum tek ein av frå vegen, køyrer gjennom eit gardstun og opp til tilrettelagd parkering ved turstart. 

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no

Annonse

on the path