Dag 1: Fra Otterstein til Massbu
7,5 km, 3-4 timar.
Turen startar på Otterstein. Stien går langs fjorden austover til Fossevika. Frå Fossevika er det bratt opp lia til inngangen til Fossedalen. Ved Nedre Fossedal er det skilta stidele, ta til høgre på sti som går mot Massbu. Stien er T-merka og på toppen av Brendehaugknappen har du flott utsikt inn- og utover Dalsfjorden. (T-merkinga går på baksida av toppen, ta ein avstikkar opp og ned for å få med deg heile utsikta).
For å halde fram turen til Massbu, går du nedatt i eit skar og tek til høgre bortover og over eit litt myrete område. Du kjem fort ned i open bjørkeskog, og etter kvart eit granfelt. Når du er nede på traktorvegen tek du til venstre og følgjer denne som etter kvart går over i grusveg. Ved Nedre Laukelandsstøylen er det skilt mot Massbu. Stien dit er tydeleg, og merka. Rundt Massbu er det noko myrete, så vi anbefalar gode sko.
Dag 2: Fra Massbu til Nipebu
8km, 4-5timar.
Stien er tidvis dårleg merka, ha difor kart tilgjengeleg.
Ta nordvestover frå hytta, over myra, kryss bekken på steinar. Gå bratt opp lia langs bekken, heilt til topps i skaret mellom Nordre Kringla og Yksnefjellet. Følg skaret ned til Botnatjønna, og rundt denne. Dette skaret er smalt, til dels bratt og enkelte store steinar gjer at det må klyvast nokre stader. Ver forsiktig når det er barn og hundar i følget. Hald fram på høgre side av elva og så på nordsida av Råkafjellet til enden av Krokavatnet. Kryss elva på steinbru, og ta vidare opp lia mot sørvest, seinere nordvest, mot Langevatnet og inn på stien frå Markavatnet til Nipebu.
6,4 km, ca 2,5t
Følg T-merka sti frå Nipebu til Nedre Fossedal og Fossevika. Stien startar ved å passere vatnet over hytta på vestsida. Stien svingar seg i søraustleg retning ned mot Dalsstølen og vidare til Nedre Fossedal. Like etter gardsbruket vil ein kome inn att på same sti til Fossevika/Dalsfjordbrua som ved turens start.
Merka turparkering Fossedal/Heileberget ved Dalsfjordbrua.