Skuggenatten i Nissedal kommune

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,7 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 494 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Skuggenatten er ein fjelltopp som ligg i Treungen, i sørenden av Nisser. Den er på sett og vis sjølve symbolet på bygda. Toppen ligg 706 m.o.h. og formeleg ber om å bli klatra på. Er du på veg nordover eller sørover på FV 41, bør du vurdere å ta ein pause frå køyringa og kome deg til toppen og beundre den vakre utsikten.


TUREN OPP:
Dei første 15 min. av turen gjeng i lett terreng, der ein føljer
ljosløypa fram til botnen av fjellet.
Så byrjar turens styrkeprøve, der ein fær kjenne på mjølkesyra
i låra. Dette partiet gjeng om lag 250 m. i kraftig
motbakke, der underlaget stort sett er svaberg. I vått vêr
kan det vere glatt her.
Stiginga er kraftig fram til ei lita hytte med mast. Her er
det å anbefale at ein tek seg ein liten pust i bakken for å
nyte utsikten, før ein på ny siktar inn sjølve toppen.
Terrenget vidare er framleis stundom bratt, men i fleire
avsatsar – og derfor ikkje så krevjande. Ved eit par høve
er det hengt opp korte tau til å halde seg i, slik at ein slepp
å krabbe på alle fire.
Stundom er det fin sti gjennom furuskog, og her kan ein
finne mykje blåbær på seinsommaren eller hausten. Ein
bør og, på tur opp, snu seg og sjå på fjellet ein har gjenge
på – det er nemleg dekka av grøn kartlav, som på litt
avstand får fjellet til å sjå ut som eit grønt teppe.
Etter å ha vandra på kanten av Baremslandsfjell, som er
den delen av fjellet som vender sørover, kjem ein inn bak
Skuggenatten, dvs. på vestsida. Her flatar terrenget ut ei
stund og ein fær pusten att.
Før ein når varden på toppen, må ein forsere eit lite myrparti
og ein bratt kneik opp siste fjellpartiet.
På toppen er utsikten fantastisk ned mot Treungen sentrum
like under – og langt utetter Nisser. Ein kan sjå
Nisser strekkje seg 4 mil mot Vrådal i det fjerne, kransa
av fjell på alle kantar.
Hugs å skrive i turboka som ligg i kassa på masta før du
tek turen ned att same vegen.
UTFORDRINGAR:
Turen er blåmerka frå start til mål.
Sidan store deler av turen gjeng på svaberg, er det lurt å
fylgje desse merka alt frå starten av, så ein blir vant med
det. Merkinga er sett både på trestammar og på sjølve
fjellet i tillegg til små vardar nå og då.
Likevel kan nokre av merka vere vanskelege å sjå, særleg
der dei gjeng på svafjell. Tipset er å sjå etter dei blå
merka, ikkje følgje der det ser ut til å vere sti.
EKSTRATIPS:
På det siste høgdedraget før myra, ligg det eit lite tjern til
høgre for stien. Dette er ei perle det er verd å ta turen
bortom, anten på tur opp eller ned.
Ein ser ikkje vatnet frå stien, så skal ein dit, må ein gå
vekk frå den merka løypa, men ikkje langt. Tjernet er lite
og ikkje så djupt, så på varme sommardagar er det svært
godt å ta ein dukkert på vegen ned att.
Etter mykje regnvêr er tjernet så fullt av vatn at det renn
over kanten og like ned på framsida av fjellet mot
Treungen.
FAKTA OM LAV:
Lav delast inn i tre hovudgrupper: Busklav, bladlav og
skorpelav. Lav er ei blanding av sopp og alge.
Skorpelav, som i hovudsak utgjer mikrolavene, veks fast
til underlaget med heile undersida, eller det senker seg
delvis i underlaget slik kartlav gjer. Vi ser det då som eit
grønt teppe på fjellet. Legg merke til dette grøne teppet
på denne turen.
Lav veks seint og blir gammalt. I tillegg er lav veldig sårbart
og tålar dårleg luftforureining.

Adkomst med egen bil

Sør frå, køyrer du Fv 41 til Treungen. Sidan Skuggenatten ligg nær sentrum, er den lett å sjå når du nærmar deg. Toppen har ei stor mast, i tillegg til ei lita hytte, som er lett synleg på god avstand. Turens startpunkt er vis a vis bensinstasjonen, på motsett side av riksvegen. Eit skilt merka ”Skuggenatten” og ei lita oppslagstavle markerer starten. Dette er og starten på ljosløypa i Treungen.
Annonse