Drivheia rundt på ski i Gjerstad kommune

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende skitur
  • 10,4 km
  • 3 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 219 høydemeter totalt
  • Sesong: Des - apr
Drivheia ligg i øvre Gjerstad. Turområda ved Kleivvann er mest brukte på vintarstid og me skildrar i hovudsak skiløypene. Skisesongen plar vere lang og skiløypene
er velstelte. Området er familievenleg. Løypene går i fredeleg fjellnatur, og mange skiløparar finn vegen hit.
Det er til vanleg 3 aktuelle oppkøyrde skiløyper, avhengig
av snøforholda: Kleivvann-Oterstjenn (5,6 km turretur),
Kleivvann-Hekkentjenn (9,4 km tur-retur) og
Drivheia rundt frå Kleivvann (12 km). Vestølløypa (15
km tur-retur) blir og køyrd opp. Gjerstad IL arrangerer
kvart år ”Drivheia Rundt”, eit turrenn på 22 km.

TURENE (VINTER):
KLEIVVANN - OTERSTJENN (5,6 km tur-retur)
Løypa går frå parkeringsplassen ved Kleivvann (300 moh)
1 km langs Kleivvann til vegskiljet ved gapahuken i
Kleivvassdalen. Ta løypa til høgre opp bakken, og vidare
innover flatene forbi Kleivvasstjenna på venstre side og
slakt ned til Oterstjenn og ”rundkøyringa”. Heile tida er
det skog langs løypa. Same vegen tilbake. Det er mange
plassar å raste langs løypa.
KLEIVVANN - HEKKENTJENN (9,4 km tur-retur)
Løypa går frå parkeringsplassen 1 km langs Kleivvann til
vegskiljet ved gapahuken i Kleivvassdalen. Ta til venstre
opp bakken, og vidare innover flatene forbi
Steinvorstjenn og Vegvisaren, og slakt ned mot
Kasplassen.
Etter ein liten kneik er det langt unnarenn ned til
Hekkentjenn, før siste beten til løypa snur midt på
Hekkentjenn, ved ei hytte. Heile tida er det skog langs
løypa. Me går same vegen tilbake, men no er det meir
oppoverbakke!
Å gå på ski i desse løypene i fullmåne eller med hovudlykt
gjev ei nær og særmerka naturoppleving.
DRIVHEIA RUNDT FRÅ KLEIVVANN (12 km).
Løypa går først langs Kleivvann til vegskiljet ved gapahuken
i Kleivvassdalen.
No tek me løypa til høgre mot Oterstjenn, og på toppen
av bakken går me til venstre i slak stiging innover myrane,
etter stakemerkinga. Skilåma går over Kattheia og forbi ei
tjenn på høgre side før løypa etterkvart stig opp på
Søndre og Nordre Skavlen. Her ser me eit glimt mot sjølve
Drivheia, og alle turhjarte gledar seg. Me ser og
Moskam og Solhomfjell i det fjerne.
Løypa buktar seg mjukt vidare og me rundar Skåptjenn.
Under fjellet her er det mange som rastar og solar seg utpå
vintaren. Ta med ved til bålet! Etter ei bratt stiging er me
på Svåene og vidda ligg føre oss. Her ser me mange gonger
rypespor i snøen, og vind og ver kler trea i iskåper og
rim. Andre gonger lutar trea seg til bakken, nedtynga av
snø.
No går løypa inn i ope lende med småbjørker og furutre,
og under snøen ligg dei fine svåfjella på Drivheia. Stopp
opp litt, snu deg attende og la augo fare. Det er godt utsyn
mot Hekkentjenn og vidare mot Vegårshei. Snart går
løypa over Åshildsmyr, og rundar toppen. Me stoppar ved
boka og skriv namna. Toppen av Drivheia ligg 442 moh,
og landskapet gjev oss ei kjensle av høgfjell.
Frå toppen og ned til Torbjørnsli er det om lag 3 km
samanhengande nedoverbakke. Tek me skituren på ettermiddagen,
kan me oppleve vakker solnedgang på nedfarten.
I svingen ovanfor Torbjørnsli kjem løypa inn på
vegen mellom Kleivvann og Hekkentjenn. Følg løypa opp
bakken til venstre og vidare mot Vegvisaren og gapahuken
og fram til parkeringa ved Kleivvann.
GAPAHUK:
Ved vegskiljet 1 km inne langs Kleivvann går vegen til
høgre til Oterstjenn og til venstre til Hekkentjenn. Her
ligg det ein gapahuk med bålplass og utedo. Gapahuken
tilhøyrer Løite og Haugen elgjaktlag, men er open for alle.
TURENE (SOMMAR)
Skiløypa Drivheia rundt er merka med stakar og kan
gåast på sommarstid.
Elles anbefalar me å gå inn frå Torbjørnsli, der skiløypa
kjem ned på vegen, og gå rett opp fjella til Drivheia.
Drivheia har mange nakne svåfjell, små tjennar og vide
utsyn.
Det er fint å vandre langs Kleivvann på skogsbilvegen, og
vidare mot Oterstjenn eller Hekkentjenn. Det er greitt å
gå her med barnevogn.
BADEPLASS
Ved parkeringsplassen er det ein naturvakker badeplass i
Kleivvann. Det er grasbakke og fjell som innbyr til rasting,
men tenn ikkje bål her. Har du lyst på ein padletur,
er det lett å kome ned til vatnet med kano eller kajakk ved
parkeringsplassen eller inne ved gapahuken.
BÆRTERRENG
I områdene rundt Kleivvann og Drivheia er det lett å finne
blåbær, tytebær og krekling. Det er fisk å få både i
Kleivvann og Hekkentjenn. Hugs fiskekort.
VESTØLLØYPA (15 km)
Vestølløypa blir køyrd opp når snøforholda tilseier det.
Litt etter parkeringsplassen ved Kleivvann ved skiløypa
står det ei oppslagstavle med kart over turområdet.
Vestølløypa går opp til venstre og inn i skogen mot Vestøl.
Løypa er delvis bratt og går over Almenningsheia og over
flate myrar til Eldstømyr. Her passar det med ei pause i
gapahuken før me går vidare til Vestøl. Hugs å skrive
namna i boka. Tilbake same vegen. Turen kan og starte på
Vestøl, med parkering ved saga.

Adkomst med egen bil

Frå E18 følger du Rv 418 mot Gjerstad. Etter 11,5 km ta av mot Vestøl skilta mot Kleivvann, og mest 4 km seinare til høgre merka ”Kleivvann 2 km”. Betalingskasse.
Parkering på parkeringsplass ved Kleivvann og langs vegen.
Annonse