Skitur til Havrefjell i Nissedal kommune

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende skitur
  • 13,6 km
  • 3 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 718 høydemeter totalt
  • Sesong: Des - apr, sep
Havrefjell ligg i Nissedal kommune, og er eit viktig turmål for mange folk. Turen opp på Havrefjell er familievenleg og lettgått på fjell, men det stig heile vegen til topps. Den merka løypa er på 3 km ein veg. Som namnet Havrefjell seier, kan me sjå havet herifrå, og utsynet er vidt. Turen blir her skildra tur-retur toppen, med alternative ruter i tillegg.
GONGTID: Om lag 1 t. 3 km til toppen. Rekn med 3 t på heile turen med pause.
TUREN:
Turløype Sandtjønn – Havrefjellvarden – Sandtjønn
Sandtjønn ligg på 353 moh og Havrefjellvarden på 638
moh, men stiginga er jamt fordelt. Heimover er det berre
nedoverbakke.
Området ved Sandtjønn og Spjotvatn er prega av den
store hytteutbygginga dei siste åra. Frå parkeringsplassen
ved Sandtjønn går me på fjell og god sti oppover fjellsida.
Me vinn raskt høgde, og utsynet over heiane rundt og hyttefelta
vidar seg ut. Utsynet mot Solhomfjell og branntårnet
opnar seg. Langs løypa vekslar naturen mellom fjell,
lyng og renner med lauvskog og bartre, etterkvart ispedd
myrar.
Etter om lag fem hundre meter, like før den store steinen,
tek me ein liten avstikkar ned i skogen til høgre. Her ligg
Havrefjellhola under fjellsida. Det er ei lang hole som
skrår innover i fjellet, men ver varsam, for store steinflak
kan falle ned eingong…
Snart kryssar me ein bekk ved Røyrkjerr, og går opp ei
”trapp” der det ofte renn vatn. Etter regnver kan me drikke
vatn rett frå veslefossen. Til tider renn det små bekkar
over fjella fleire stader, og her er det fint for ungane å
susle i vatn. Me vandrar opp ein liten egg, og snart er me
halvvegs. Landskapet flatar meir ut og me oppdagar at
det er mykje svåfjell og lyngrabbar på Havrefjell.
Nærmare toppen ser me større myrar og får ei kjensle av
vidde.
Etter nærmare ein times vandring ser me varden på
Havrefjell, og beina går av seg sjølve den siste beten til
toppen. Det er tid for å skrive namna i boka og ta fram
nista og kaffen, og ha ei godstund. No kjem kikkerten
fram og utsynet famnar vidt. Lengst unna ser me frå fjella
i Nissedal til Lifjellområdet, Jomfruland og havet frå
Kragerø til Tvedestrand. Me får auge på den høge masta
på Hovdefjell i Vegårshei. Den breie heia midt imot oss
er Solhomfjell med branntårnet.
Auga fer vide, og ein lurer på kva som gøymer seg i dalar
og fjell? Etter ei lang kvile, akslar me sekken og går same
vegen heimover. Me vandrar lett nedover til parkeringsplassen.
Utsyn over hei og fjell følger oss heile vegen.

Adkomst med egen bil

Frå E18 følger du Rv 418 mot Gjerstad og Fv 71 mot Øy. Litt etter fylkesgrensa mellom Aust Agder og Telemark ta av til høgre ved Vehus, ved skilt merka ”Sandtjønn 2 km”. Me køyrer langs Vehusåna og Samlogheia. Betalingsbom (bankkort). Parkering ved Sandtjønn, der stien til Havrefjell startar.
Annonse