Helgetur med barna. Hjølmo - Vivelid Fjellstove - Stavali Turisthytte - Kinsarvik

Publisert av: Odda/Ullensvang Turlag

Helgetur med barna. Hjølmo - Vivelid Fjellstove - Stavali Turisthytte - Kinsarvik

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    35,1 km
    3 dager
    En vei
  • Sesong
    Jul, Aug

Ein flott helgetur med borna frå hytte til hytte. Ein starter på Hjølmo i Eidfjord og avslutter i Kinsarvik. For og toppa det heile kan ein avslutte turen med ett besøk i Mikkelparken.

Ein tek av frå riksveg 7 ved Natursenteret i Øvre Eidfjord og fylgjer vegen opp til Hjølmo. Derfrå startar fyrste etappe som går til Vivelid Fjellstove, dette er den kortaste etappen på turen, ca 2 timar med barn. Vivelid Fjellstove er ei betjent hytte som ligg flott til i vakre omgjevnader, her vert fyrste overnattinga på turen. Neste dag går turen frå Vivelid til Stavali, turen tek ca 6 timar. Ein går frå skoggrensa til høgfjellet uten dei største oppoverbakkane. Vakker natur med gode fiskemogligheiter på turen. Ein går på T-merka sti forbi Vivheller, Skinnfjellet og ned til Lonavatnet. Ved Lonvatnet er det på varme sommarsdagar flott og bade på sandstranda innerst i vatnet. Vidare tek ein seg ned til Stavali Turisthytte som vert siste overnattinga på turen. På Stavali Turisthytte er det i sesongen juli/august vertskap. Familien Hauge serverer både rømmegraut, spekemat og frukost. Her er også servering av øl og vin samt en herlig badestamp for ømme musklar. Siste dagen går ein ned dei bratte Reinsbrekkene og den vakre Husedalen med dei flotte fossane til Kinsarvik, turen tek ca 6 timar.

Passar best for born frå skulealder, men yngre born har og gått turen. Borna bør vere vant til og gå i fjellet.

Vel framme i Kinsarvik vil eg som ein flott avsluttning på turen anbefale og gå i Mikkelparken. Kinsarvik sin flotte familiepark, sjå eigen link.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av på riksveg 7 ved Natursenteret i Øvre Eidfjor og køyr bil opp til Hjølmo. Det kan vere lurt og ha bil begge endar, då det ikkje alltid klaffar med offentlig transport. evnt kan ein ta taxi ( ca 4 mil ).