Ramsdalsheia til Smylmedalsegga / Blånipa 1121 moh. Skitur

Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende skitur
  • 16,6 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 1119 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Smylmedalsegga, også kalla Blånipa og Eimhjellenipa er med sine 1 121 moh, toppen av det høge fjellpartiet mellom Osenvassdraget med Storfjorden i vest, og den hengande Hydalen som skjer seg frå Naustdalsida og nordover til møtes med Gjengedalsvassdraget i nord. 

Turen startar frå hytta på Ramsdalsheia og går innover bakkane mot Alnakken og vidare skråberga Snipphamrane . Herifrå kan ein sjå toppen på Blånipa. Følg ryggen eit stykke austover og sving så mot nord i retning toppen. Her er det noko stigning før ein kjem opp på siste bratte partiet. Vidare bratt opp mot toppen. Turen nedatt går slakt nedover med ein runding rundt toppen.

I godt vær med skarp haustluft er det flott utsikt frå hav til bre. Frå toppen ser ein rett mot Solheim i Hyen og i vest ser ein øyane utanfor Florø.

Sporet på kartet er gått 18.04.21 som ein rundtur og er ei rettesnor.  

3,5 timer opp og 2,5 timer ned

Tenk sikkerhet, ha respekt for vind og vær og sjekk snøskredvarsel på varsom.no før du legger ut på tur!

God tur!

Adkomst med egen bil

Ta av frå Rv 5 på Svarthumle og køyr mot Ramsdalsheia

Annonse