Tursti til Malmangernuten frå Rosendal, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    3,9 km
    4 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Mai - okt

Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit pdf-kartblad ved å bla i bilda øvst.

Start- og sluttpunkt: Rosendal Fjordhotel.

Parkering: Følg skilt "Malmangernuten" frå kaiområdet i Rosendal til parkering ved Rosendal Fjordhotel, øvre P-plass.

Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt med skilt og vardar.

Høgdeskilnad: 0 – 890 moh.

TUROMTALE: Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel tvers over fylkesvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie, der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog. Mellom Høyklepp og Hjort har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å sikra det bratte området.

Flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdrag og mektige fjellområde.

GODE RÅD: Alternativ retur kan vera stien frå Malmangernuten langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen til stidele mot Guddal, eller til stidele mot Rosendal ned den bratte Murabotnen til Hattebergsdalen. 

Sjå turforslaga: Tursti til Malmangernuten frå Hattebergsdalen , Tursti til Skeisfjell og Tursti til Gamlestølen frå Guddal.  

Information in English

Information in German 

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Følg skilt "Malmangernuten" frå kaiområdet i Rosendal til parkering ved Rosendal Fjordhotel, øvre P-plass.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse