Grøndalen til Blåbrebu Ski

Legg til huskeliste
Annonse

Følg sommarruta opp til siste flata før Støylsvatnet. Her følgjer du terrenget som er ganske flatt heilt aust til elva og vidare opp til vatnet. Er isen trygg går du over den til aust for elveosen på nordenden av vatnet. Dersom isen er dårleg, må du gå langs vestsida av Støylsvatnet, om lag der sommarruta går og krysse elva enten over brua eller ca. 100 meter nord for brua.

NB! Det går minst eitt årleg stort snøras like til høgre for Støylsfossen, og det går også ras mellom dei 2 vatna i Storebotsskaret. Ruta må derfor ikkje gåast når det er rasfarleg!

Start stigning for å komme over fossen så snart som råd for å unngå for bratt bakke. Over fossen har du to valg:  

  1. Dersom det er mykje snø må du gå på vestsida av elva. Følg terrenget slik at du kjem så høgt som praktisk mogleg før siste kneika på øvste delen. Merk at her kan det være rasfare. 
  2. Dersom lite snø, følg sommarruta på austsida av elva.  

Etter at du er komt over øvste fossen, følgjer du dalbotnen til du kjem til øvste punktet i skaret på ca 780 moh. Her renn ein ned første bakke og tek så av mot aust. Her kan det være rasfare. Følg ei linje rett på Sikringsbua som ligg under ein hammar. Passer denne og vidare opp ei lita kneik før du er på Blåbrebu.

3 timer opp og 2 timer ned

Tenk sikkerhet, ha respekt for vind og vær og sjekk snøskredvarsel på varsom.no før du legger ut på tur!

God tur!

Adkomst med egen bil

Ta av frå Fv 614 nord for Norddalsfjordbrua og køyr Fv 544 til Grøndalen inst i Norddalsfjord.
Annonse