Kort og middels krevjande tur til flott utsiktspunkt nær Birkeland i Hægebostad.
Frå Kollemo kan du komme opp på Koleheiå og få eit flott utsyn sørover dalen i Hægebostad. Turen startar på ein skogsbilveg som svingar seg opp på heia den fyrste halve kilometeren. Deretter er det sti vidare oppover og ut til utsiktspunktet.
Stigninga på 250 høgdemeter blir løna med flott utsikt.