Vikafjellet / Vikanipa

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 7,2 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 1015 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Vikanipa er ein luftig topp med fantasktisk flott utsikt over Eikefjord og bygdene rundt.

På sørsida av Eikefjorden ligg Vikafjellet. Inste toppen i aust er Vikanipa. Om hausten, dersom det har regna ei stund, kan det vere både vått i stien og glatt på berga!

Gå traktorvegen til endes, ta litt til venstre og følg stien oppover. Stien er tydeleg i terrenget. Når du kjem til ein berghammar kan du gå rundt på venstre sida eller gå opp berget som ser ganske sleipt ut. Stien er lett å følgje heilt til du er oppe på kanten og går utover, rett vest.

Du skal stort sett fylgje kanten oppover mot nipa. Blir det vankeleg å komme fram er du for langt ute på kanten. Snu og gå tilbake og kom deg litt lengre inn frå kanten!

Siste del av stien opp til toppen går på nordsida av Vikanipa og er merka med steinar. Nesten oppe ved varden tar du til venstre og opp ei renne i berget som krev litt klyving. Vel oppe held du fortsatt til venstre og austover mot varden på Vikanipa og turbokkassa. Det er flott utsyn over bygda og fjorden medan du går oppover.

Vel oppe møter ei fantastisk utsikt deg. Høydalsnipa, Håsteinen og lenger i nord Eitrenipa og Blægja i Askvoll og Kvamshesten / Storehesten i Gaular. I nordaust ser vi Blånipa og Midtbønipa.

Turtips: Vikafjellet er ulent å gå i, men når du først er oppe tek det ein halv time å gå vestover til det høgste punktet som er 647 moh. Her kan du gå vidare ut til Mannen og derifrå ned i Pollen.

Sporet er lagt inn 04 06 2019 til toppen der bokkassa er, Vikanipa.

God tur!

Adkomst med egen bil

Turen startar i Sunnarvik ca 5 minutt med bil frå Eikefjord sentrum på FV 542.
I Sunnarvik, rett før første motabakken mot Stavang, går det ein skogsveg til venstre som du skal fylgje austover.

Annonse