Tonheimslia Tonheim til Strandanipa

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,5 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 706 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Parker ved vegen opp til Tonheimslia og gå grusvegen opp til garden. Garden ligg ved vegs ende. Stien går vestover i terrenget rett ovanfor husa og under nokre høgspentliner. Følg stien som tek av litt til høgre. Gå vidare oppover og kryss ei lita elv og gå opp ein liten bergvegg. Terrenget er litt myrete. Du kjem så inn på stien som er merka med raude trekanter, gamal ferdselsveg. Det er same stien som er omtala nedanfor frå Tonheim.

Følg merkinga oppover til pilskiltet som viser austover til Strandanipa. 

Stien frå Tonheim starter ved nedlagt gardsbruk på venstre side av Rv 5, Tonheimsstranda. Pilskilt med raud trekant til Strandastølen. Her er det plass til å parkere nokre bilar.Stien er merka med raude pinnar/trekantar og siste stykket er det raudmåla stein/på berg.

Gå gjennom grinda, rett oppover i graset til du kjem til ei lita grind. Vidare er det merka sti med raude trekantar på tre. Følg merkinga oppover til pilskiltet som viser austover til Strandanipa. 

Stien til Strandanipa er merka med måling og varding. Vel oppe kan du nyte utsikta både aust -, sør- og vestover. Ned att kan du gå same vegen eller du kan gå vidare austover til Hovlandsstølane eller via Flatenipa og Nipevatnet og ned til Hovlandsstølane. Det er ikkje merka sti, men lett og fint fjellterreng.

God tur!

Adkomst med egen bil

Starter frå Rv 5. Tonheimslia grusvegen opp til garden eller Tonheim på Tonheimsstranda ved nedlagt gardsbruk

Annonse