Fottur til Hamnanova og Djupeskaret

Legg til huskeliste
Annonse

Turen til Hamnanova gir nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden, Skei- bukta og Dvergsdalsdalen. Turen opp går på steinlagt sti og passar for dei fleste. På toppen er det ei lita hytte som er open for alle. Turen kan gåast som rundtur via Djupeskaret.

Turen startar ved grushola, først på sti gjennom granskog før du kjem til stikryss for rundturen. Stien vidare til Hamnanova har jamn stigning og er godt opparbeidd med steinheller. Stien ligg i vestvendt side heile vegen opp. Utsiktspunktet på toppen er på omlag 750 moh, rett ovanfor grenda Sunde.

Frå toppen ser du rett bort på Kleivafjellet, som i eit av dei mest kjende måleria til kunstnaren Nikolai Astrup har fått namnet Kollen. Dersom du ynskjer å gå turen som rundtur fortset du vidare på stien oppover ryggen til høgste punkt på turen; Nyken 800 moh, før du vender ned mot Djupeskaret. Frå skaret går stien nedover i open bjørkeskog før du kjem tilbake til stikrysset, der ruta går attende til grushola.

Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Tips:
Opa hytte med utedo. Flott område på toppen til å telte på.

Fakta:
Grushola – Hamnanova 1,5 km
Grushola- via Djupeskaret til Hamnanova- 1,9 km
Rundtur en er på samla 3,4 km
Stigning omlag 390 høgdemeter
Tid: 1,5 time opp og 2,5-3 timar som rundtur.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Frå Jølstravegen (E39) følgjer du Nikolai Astrups veg og tar av mot Dvergsdalsdalen. Parker på merka parkeringsplass i grushola på austleg side av Orkja. Parkeringsplassen er og for bruk til turen til Orkja frå austlig side.

Annonse