På veg oppover har du flott utsikt mot Dvergsdalsdalen og Grovabreen. Når du nærmar deg toppen snor stien seg slik at du får flott utsikt mot også mot Skei og Kjøsnesfjordbrua.
Turen startar ved grushola. Følg Orkavegen 300 meter i retning mot Dvergsdalsdalen. Ta av på sti i vestleg retning. I starten går turen på tydeleg sti i open bjørkeskog. Etter å ha passert eit lite granfelt held du fram i myrlendt beiteterreng. I det du kjem ut av det noko våte terrenget går du i nordleg retning eit stykke, før stien igjen går mot vest i tørt og ope fjellterreng vidare opp mot toppen.
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
Orkja har eit stort og lett kupert toppområde. Her kan du gå vidare i vestleg retning på sti, og få utsikt både mot Årdalen og mot vestre del av Jølstravatnet. Du kan lage rundtur ved å velje ein av dei andre stiane ned att.
Det er mange fine fjellvatn ein kan bade i på varme sommardagar.
Toppen av Orkja eignar seg godt for telttur.
Fakta:
Grushola – Orkja 1,9 km. Tur retur 3,9 km.
Stigning omlag 500 høgdemeter.
Tid: 2-2,5 timar opp og 3,5-4 timar tur/retur.
Hugs:
"Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå." Gamal regle frå Jølster, som omtalar Orkja som "skredfjellet".
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Frå Jølstravegen (E39) følgjer du Nikolai Astrups veg og tar av mot Dvergsdalsdalen. Parker på merka parkeringsplass i grushola på austleg side av Orkja. Parkeringsplassen er og for bruk til turen til Hamnanova.