Legg til huskeliste
    350
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 10 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Beliggenhet

    Nipebu ligg idyllisk til ved Langevatnet, omgjeven av avrunda fjell og ope høgfjellsterreng, om lag 500 moh. Beliggenheita gjev gode høve for både rolege naturopplevingar og lengre fjellturar. Hytta ligg skjerma, men samtidig ope til, med utsyn i fleire himmelretningar. Dette gjev ei særmerkt kjensle av å vere midt i naturen, samstundes som det er lett å orientere seg i landskapet. Ein har utsyn over Langevatnet og dei markante fjelltoppane i Dalsfjordområdet. Frå hytta er det kort veg til andre fiskevatn, utsiktspunkt og god plass for teltliv og utforsking av området. Sjå merka turruter under ankomstbeskriving lenger nede på sida.

    Rom

    Hytta har totalt plass til inntil 20 personar.
    Det er 10 faste sengeplassar fordelt på fire rom som kan førehandstingast. Rom 1–3 har inngang frå stova inne i hytta, medan rom 4 har eigen inngang frå utsida. Dersom ein ønskjer oppvarming i rom 4, kan ein nytte propanomn frå uthuset.

    I tillegg til dei faste sengene er det ein hems med åtte madrassar og ein sovesofa. I uthuset er det ei seng som eignar seg for hundeeigarar. Denne kan også nyttast i kjølige periodar, då rommet har oppvarming frå propanomn.

    Nøkkel
    Hytta er pr.dags dato ulåst.
    F.o.m januar 2026 vil hovudhytta bli låst med DNT-nøkkel. Du må då enten reise saman med eit DNT-medlem, eller førehandsbestille slik at du får kode til nøkkelboks.

    Utstyr

    Nipebu er sjølvbetent, med eit avgrensa matlager som kan nyttast mot betaling.
    Hytta er utstyrt med solcellepanel, gasskomfyr og vedomn. Det er kjøkkenutstyr, kjelar, steikepanne, bestikk og servise til om lag 20 personar.

    Det er dyner og puter i alle sengene, men ein må ta med eige sengetøy eller sovepose. Enkel reingjeringsutrustning og tørkestativ finst på hytta.

    Toalett er i eige bygg utanfor hovudhuset.

    Aktivitetar

    Inne i hytta finn du mellom anna kortspel og ein ustemd gitar.
    I naustet, eller i vika rett nedanfor hytta, finn du båt og kano. Bruk alltid redningsvest.
    Hugs å legg kanoen opp ned etter bruk, og ta ut lenseproppen i båten slik at han ikkje fyller seg med vatn. Det er fleire gode fiskevatn i området, og det ligg fiskestenger til utlån på hytta.

    Vatn

    Om sommaren er det innlagt vatn i hytta via eit pumpesystem. Når dette ikkje er i drift, må ein hente vatn frå vatnet ovanfor hytta. Det blir anbefalt å koke vatnet før bruk som drikkevatn.

    Hund
    Hund skal ikkje inn i hovudhuset.
    Hundeeigarar er velkomne til å nytte seng og hundebur i uthuset.

    Naturvern

    Hugs alltid sporlaus ferdsel. Vis respekt for beitedyr og overhald bandtvang.

    Bestilling og betaling

    På denne hytta kan du bestille overnatting digitalt (grøn knapp). Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 19.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Spontane besøk kan betalast på vipps eller til kontonummer, betalingsinfo finn du på hytta eller i lenka for prisinformasjon.

    Hugs å skriv deg i hytteprotokollen. Det er først når du har skrive deg inn i protokollen, at du har rettar på hytta.

    Drift og tilsyn skjer på dugnad. Dersom du har spørsmål, ta kontakt, tlf: 413 37 213 eller til indresunnfjord@dnt.no

    DNT-medlemskap

    Me har rabatterte prisar på hytteovernattinga til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    Mobilforhold

    På Nipebu er det stadvis dekning. men ein må leite litt rundt i terenget for å finne plassar der det går å ringe. Oppe på haugen ca 100 meter aust / søraust for hytta er det bra dekning.

    På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0304459 6812998

    Historie

    For den historieinteresserte kan vi nevne at bua opna 9. juni 2001. Uthus vart bygt i 2002, naustet i 2004 og utedoen var ferdig 2007.

    _____________________

    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • Booking
    • Teltplass
    • Steikeovn
    • Vedovn
    • Båt
    • Fiske
    • Peis
    • Kano

    Passer for

    • Hund
    • Barnevennlig
    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Frå Markavatnet
    Skilta avkøyring frå riksveg 609 mot Skjærli. Ta til venstre før Markavatnet og parker ved kraftstasjonen. Turen er middels krevjande, om lag 6 km lang og tek mellom 2 og 3 timar.

    Frå Vagstaddalen, Rivedal
    Turen er om lag 6,5 km og middels krevjande. Rekn med 2 til 3 timar.

    NB 06.10.25: Amy har herja på DNT-stien frå Otterstein til Fossevikja. Det er ei bru på eit skråberg som er øydelagt - og utan den er det litt skummelt å bruke stien då det er bratt ned.

    (Frå Otterstein (Dalsfjordbrua). Denne ruta er 6,4 km og tek om lag 3 timar. Turen har ei kneik med noko brattare stigning enn dei to førre.

    Hytte- til hytte-tur:
    Du kan også prøve deg på ein lokal hytte- til- hytte - tur frå Massbu - Nipebu (8km, 4-5t).
    Sjå gjerne turforslag: rundtur med 1 overnatting frå Laukeland eller rundtur med 2 overnattingar frå Otterstein. Turen mellom hyttene vert merka krevjande og anbefalast kun i godt vêr. Turen mellom hyttene er merka som krevjande og bør berre gjennomførast i godt vêr. Dette grunna enkelte parti med klyving over berg og store steinar i eit smalt skar.)

    Alternative ruter

    I kartet kan ein sjå rute til Nipebu også frå Holmedal eller Stongfjorden. Vi har ikkje turskildring på desse. Stien frå Stongfjorden er dårleg vedlikehalden og vert ikkje anbefalt med mindre du er særs godt turvant.

    SjekkUT | Nipebu

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    350

    SjekkUT-besøk

    recommended