Longevasshytta

    Legg til huskeliste
    125
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 11 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Beliggenhet

    Hytta ligg inst ved Naustavassdraget, mellom Inste Longevatnet og Vassvendevatnet. Hytta ligg midt i det vakre Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde som strekk seg frå 60 meter over havet til 1572 meter over havet med frodige dalar, brear og steile fjell, fiskevatn og fossar.

    Du kjem deg på merka sti til hytta frå fleire startpunkt, sjå ankomstinformasjon.

    Rom

    Hytta har 11 sengeplassar, sovasofa og stor hems med oppreidde madrasser. Det har overnatta 25-30 personar samtidig i hytta.
    Utedo i eige bygg skal nyttast om sommaren, om vinteren kan ein nytte snurredo inne i hytta.

    Utstyr

    Longevasshytta er sjølvbetent, med eit avgrensa matlager som kan nyttast mot betaling.
    Hytta er utstyrt med solcellepanel, gasskomfyr og vedomn. Det er kjøkkenutstyr, kjelar, steikepanne, bestikk og servise til å mette mange.

    Det er dyner og puter i alle sengene, men ein må ta med eige sengetøy eller sovepose. Enkelt reingjeringsutrustning og tørkestativ finst på hytta.

    Vatn

    Det er tilgang på vatn i hytta. Dersom vatnet ikkje er kopla til finn du vatn i elva nordvest for hytta.

    Hund

    Hund skal ikkje inn i hovudhytta. Uthuset har hundebur og to "køyer" som hundeeigarar kan nytte, krev gjerne litt rydding.

    Naturvern

    Me ber om at de går på merka sti når de går på tur kring Longevasshytta for å spare terrenget rundt. Hugs at du befinner deg i Naustdal- Gjengedal Verneområde, og la fuglar og dyr vera i fred. Hugs alltid sporlaus ferdsel.

    Bestilling og betaling

    På denne hytta kan du bestille overnatting digitalt (grøn knapp). Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 19.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Spontane besøk kan betalast på vipps eller til kontonummer, betalingsinfo finn du på hytta eller i lenka for prisinformasjon.

    Hugs å skriv deg i hytteprotokollen. Det er først når du har skrive deg inn i protokollen, at du har rettar på hytta.

    Drift og tilsyn skjer på dugnad. Spørsmål om bestilling eller skal du på tur med skuleklassen? Ta kontakt på tlf: 413 37 213 eller indresunnfjord@dnt.no.

    DNT- medlemskap

    Me har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også! Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT!

    Aktivitetar

    Det ligg kano ved Vassvendevatnet (eller under hytta). Ved Inste Longevatnet finn du båt. Den ligg enten fortøyd på stranda eller vinterlagra i naustet. Bruk redningsvestar! Det er merka sti vidare frå utedoen ned til naustet, vestover. Inne i hytta kan du finne kortstokkar og spel.

    Fiske: Der er fleire vassdrag og mange små og store vatn i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dei fleste av desse er gode fiskevatn med fine bestandar av aure. Heile området er i privat eige, og dei aller fleste grunneigarlaga sel fiskekort for sitt område.

    Mobilforhold

    På eller rundt Longevasshytta er det ikkje mobildekning.

    På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0354094 6835669

    ____________

    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • Booking
    • Vann
    • Teltplass
    • Steikeovn
    • 12v
    • Vedovn
    • Båt
    • Fiske

    Passer for

    • Hund
    • Barnevennlig
    • Skoleklasser
    Annonse

    Adkomst sommer

    Indre Sunnfjord Turlag og Midtre Nordfjord Turlag har saman bygd opp eit stort nett av T-merka ruter i tilknytning til Longevasshytta. Merk at det ikkje er mobildekning i området, så vi tilrår at du har med deg nedlasta digitalt kart eller eit godt gammaldags fysisk kart. Har du sjåfør, kan du enkelt planleggje ei rute frå A til B med overnatting på hytta.

    Frå Legestøylen i Årdal (Jølster)

    Dette er den kortaste og mest brukte ruta, om lag 6 km lang med 500 meter stigning, og tek rundt 3 timar. Sjølv om det er kortast veg, må du vere merksam på faren for steinsprang, snøfenner og utrygg is, særleg på våren og tidleg sommar.

    Frå Ålhus ,Jølster

    Her finn du ei merka, krevjande sommarrute på 13 km med 1000 høgdemeter, som tek 6–7 timar. Undervegs kan du nyte mykje storslått natur. Ruta er normalt fin å gå frå juli månad.

    Frå Fitjevårstøylen, Sandane

    Ei krevjande rute på 14 km med 1000 høgdemeter, som tek 6–7 timar.

    Frå Myklandstøylen, Kandal til Longevasshytta

    Ruta er 12,5 km lang med 800 høgdemeter, og tek om lag 5–6 timar.

    Frå Gjengedalsstøylen i Hyen

    Ei lang rute på 18 km med 700 høgdemeter, som tek rundt 7 timar. Vi har ikkje detaljert beskriving, men det ligg kartspor som viser veg gjennom Måsevassdalen og som møter stien frå Fitjevårstøylen.

    Frå Vonavatnet, Nes i Naustdal. (18km, 600 høgdemeter, 7 timar).

    Denne ruta er 18 km lang med 600 høgdemeter og tek kring 7 timar. Terrenget er slakt, og ruta går frå det eine vatnet til det andre. Merk at ruta ikkje har vore remerka på fleire år, og kan by på nokre utfordringar for den som ikkje er godt kjent.

    Adkomst vinter

    Sjå turforslag for skitur Årdal (Jølster) - Nes (Naustdal)

    SjekkUT | Longevasshytta

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    125

    SjekkUT-besøk

    recommended