Hjellbrekkestøylen er ein støylstur som eignar seg godt som familietur. Store delar av stien går på eldre skogsveg i ganske flatt terreng. Siste del av ruta går på sti opp til støylen. Her får du fin utsikt mot Jølster Skisenter, Hjellbrekke, Støfring og Dalevatnet.
Turen er skildra med start ved Jølstravegen (E39). Du følgjer Hjelmbrekkevegen til endes opp via byggefeltet. Det er omlag ein kilometer opp til gardstunet. Her kjem du inn på skogsveg, og tek brua over Hjelmbrekkelva. Skogsvegen følgjer du i nordlig retning i jamn stigning eit godt stykke. Du kjem inn på sti siste stykket opp mot støylen. I dette siste partiet vert det noko meir stigning.
Tips
Flott terreng til å jogge i. Om somrane går det ein del kyr og sauer på beite i området. Lat att grinder etter deg.
Om du ønskjer å forlenge turen kan du på støylen ta inn på sti til Flugestøylen. Denne går i fjellsida i skogsterreng i nordaustleg retning. Frå denne støylen kjem du ned att på gardane ved Flugekvam om Storetræet.
Frå støylen kan du og velje å gå vidare opp til Skogstadfjellet (727 moh.). Frå støylen og opp er det omlag 250 høgdemeter. Her får du utsikt mot Angedalen og Førdefjella i tillegg til fjella lengst vest i Jølster. Stien frå støylen er utydeleg, men du finn eit og anna raudt merke etter ein tidlegare fjelltrimpost. Variasjon mellom myrlendt terreng, og tørt og fint fjellterreng. Flott varde med bok i på toppen. Mange besøker denne toppen ved å ta vegen frå Angedalen og opp. Sjå lenke for denne turskildringa.
Fakta
Turen er omlag 3,5 km ein veg med start frå Jølstravegen (E39). Tid: 1,75 - 2 timar ein veg, og 3-3,5 timar t/r. Det er omlag ein kilometer (15 min) på asfalt frå Jølstravegen (E39) og opp til skogsvegen.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Turstart ved Jølstravegen (E39). Ta av der det er skilta mot Hjelmbrekke og opp Hjelmbrekkevegen.
Parkering må skje på eige ansvar på offentleg område ved E39.
Du skal ikkje parkere i gardstuna ved starten av skogsveien sidan du vert til hinder for gardsdrifta.
Gå av bussen på haldeplassane ved Hjelmbrekkefeltet langs Jølstravegen (E39) der turen startar.