Tursti til Sjethaug frå Neslia, Rosendal, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
    Passer for rullestol
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    5,9 km
    2 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Hele året

Start- og sluttpunkt: Neslia. Sjå kartblad ved å bla i bilda øvst på sida.

Parkering: Følg fylkesvegen frå Rosendal sentrum 2 km mot Løfallstrand. P-plass der skogsvegen tek av frå fylkesvegen. Obs.: Vegarbeid i samband med nytt byggjefelt gjer at turfolket lyt parkera med omsyn og største grad av sunn fornuft. Alternativt kan ein parkera ved kyrkja og følgja skilting til Sjethaug derfrå, sjå denne linken: Tursti til Sjethaug frå Kvinnherad kyrkje .

Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Inga merking langs skogsvegen, men nokre skilt er oppsette. Det er fleire vegdele undervegs, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Sjethaug.

Høgdeskilnad: 20 – 285 moh.

TUROMTALE: God 3 km grusveg med jamn stigning. Det er fleire vegdele oppover, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Sjethaug. Frå rasteplassen på Sjethaug, med den fine turhytta, kjem ein tett på Rosendal med vidt utsyn til grannebygder, fjell, dalar og fjordlandskap. 

Vegen er godt eigna for motorisert rullestol, men ver obs på at der er nokre grindar.

GODE RÅD: Raste- og utsiktsplasser undervegs. Frå Sjethaug kan ein følgja T-merkt sti til stor varde på Skålafjell 490 moh. Herfrå er det T-merkte stiar til Vevik, Åsvodl, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Følg fylkesvegen frå Rosendal sentrum 2 km mot Løfallstrand. P-plass der skogsvegen tek av frå fylkesvegen. Alternativt kan ein parkera ved kyrkja og følgja skilting til Sjethaug derfrå.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanleggjaren på skyss.no.

Annonse