Tursti til Skeisfjell frå Rosendal, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    12,8 km
    5 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Jun - okt

Start- og sluttpunkt: Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Parkering: Følg vegskilt "Baroniet" frå kaiområdet i Rosendal til vegskilt "Fossberg" i vegdelet før Baroniet. P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Først på 2,3 km grusveg utan merking, deretter T-merkt og skilta sti opp Murabotnen.

Høgdeskilnad: 150 – 1038 moh.

TUROMTALE: Frå P-plassen på Fossberg 2 km til vegenden. Stien går bratt opp Murabotnen og til venstre i stidelet for Malmangernuten og Guddal. Etter dei gamle murane på Kuhammarstølen kjem ein etter kvart til skilt som viser til utsiktspunkt mot Bjørndalsområdet og kjeldene for Hattebergvassdraget. Dette er sentrale område i Folgefonna Nasjonalpark. Storslått utsikt til fjellheimen og ut mot havet.

GODE RÅD: Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ retur kan vera stien framom Gamlestølen og ned til Guddal, eller stien over Malmangernuten og direkte ned til Rosendal. Sjå turforslaga Tursti til Malmangernuten frå Hattebergsdalen , Tursti til Malmangernuten frå Rosendal og Tursti til Gamlestølen frå Guddal

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Følg vegskilt "Baroniet" frå kaiområdet i Rosendal til vegskilt "Fossberg" i vegdelet før Baroniet. P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Annonse