Tursti til Svartavatnet frå Husnes, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    13,0 km
    6 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Mai - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Husnes Vassverk, 300 meter nord for rundkøyringa på Helland.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 50 – 780 moh.

.

TUROMTALE

Følg stien frå startpunktet til Bremstølsvatnet. Derfrå følgjer ein sti på vestsida av vatnet og vidare oppover lia til Sundstølsvatnet. Herfrå og innover er ein over tregrensa ,og stien går i relativt flatt lende til Svartavatnet. Her er det kvilebu som er open for alle.

GODE RÅD

  • OBS: Svartavatnet er drikkevatn for Halsnøy, Valen, Sunde og Husnes, så her er det ikkje lov å bada.
  • Frå Svartavatnet kan ein gå til Manen 1.013 moh. eller Englafjell 1.200 moh. Eit anna alternativ er ein rundtur til Mjelkhaug 1.005 moh. og derfrå ned via Vardhaugselet/Nordfjell eller Bremstølsvatnet. Det er også eit alternativ å gå vidare og ned til Herøysund.

Sjekk desse turforslaga:

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Ved Husnes Vassverk tett ved Fv500, 350 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes

Annonse