Rundtur og tursti til Vardhaugselet frå Valen, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,5 km
    4 timer
    Rundtur
  • Sesong
    Mar - aug, okt - nov
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ovanfor Søsterheimen Valen sjukehus. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 80 – 649 moh.

.

TUROMTALE

Turen går for det meste på skogsveg opp til den idylliske hytta i Olderbotn. Den er open for alle, og der høver det godt med ein kvilepause for å nyta utsikten. Vidare oppover følgjer ein merkt sti gjennom skogen til det flatar litt ut ovanfor kraftlinja. Derfrå er det snaufjell fram til turmålet.

Du kan sjølvsagt gå samme stien tilbake, men vårt forslag går via merkt sti over Nordfjell og ned lia på sti og skogsveg til startpunktet. Då får du ein fin rundtur.

VARDHAUGSELET - Ein reknar med at dei solide murane vart oppsette ca. 1860, og at det var stølsdrift her fram til 1905. I mange tiår såg ein berre murane av det gamle Vardhaugselet. Men så var det ein del eldsjeler som såg at dette kunne bli eit idyllisk turmål, og dei etablerte seg som "Interesselaget for Vardhaugselet". Det vart sett i gang eit omfattande dugnadsbasert restaureringsarbeid, og i 2002 vart det gjennomført ein høgtidleg opningsseremoni. Bodskapen til interesselaget er: Vardhaugselet --> Alltid opent for alle.  

GODE RÅD

Turen til Vardhaugselet kan utvidast mot Vardhaugen og Mjelkhaug, sjå desse turforslaga: Tursti til Mjelkhaug frå Valen og Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Køyr inn på sjukehusområdet frå Fv 500 og følg skilting 300 meter mot Søsterheimen og vidare opp til høgre for den.

Adkomst med kollektivtransport

Sjå Skyss sin ruteplanleggjar

Annonse