Tursti til Mjelkhaug frå Valen, Kvinnherad

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    13,9 km
    5 timer
    Turen går tur/retur samme vei
  • Sesong
    Apr - okt
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: Ovanfor Søsterheimen, Valen sjukehus.
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 80 – 1.005 moh.

.

TUROMTALE

Turen går i starten for det meste på skogsveg opp til den idylliske hytta i Olderbotn. Den er open for alle, og der høver det godt med ein kvilepause for å nyta utsikten. Vidare oppover følgjer ein merkt sti gjennom skogen til det flatar litt ut ovanfor kraftlinja. Derfrå er det snaufjell fram til Vardhaugselet som også er ope for alle. 

Frå selet er det ein bratt bakke opp til flatare lende som går fram mot stigninga ein får opp mot Mjelkhaug-platået. Der er det flatt før den siste vesle motbakken opp til varden.

Frå Mjelkhaug er det vid utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord og Ulvanosa mot aust.

GODE RÅD

  • Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca. 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. 
  • Alternativ retur er å følgja merkt sti mot Husnes. Ved stidele på Svaneheia tek ein til venstre over Svaneheia, vidare over Nordfjell og på sti ned lia tilbake til startpunktet. Sjå også turforslaga Tursti til Nordfjell frå Valen og Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Slik kommer du deg dit

Adkomst mulig med

  • Kollektivtransport

Adkomst

Køyr inn på sjukehusområdet frå Fv 500 og følg skilting 300 meter mot Søsterheimen og vidare opp til høgre for den.

Annonse