.
Frå parkeringsplassen følgjer du grusveg på venstre sida av elva i søraustleg retning om lag 300 meter. Vidare oppover følgjer ein traséen som er laga for vinterprepping av skiløype. Ettter den første kneiken går ein innover mot Fagnabotn, framleis på venstre sida av elva, men ikkje over brua på flaten.
Etter at dagsturhytta vart sett opp, har stien opp dit blitt utbetra og er no grei å gå.
Nautavatnet er eit fint turmål, og hausten 2021 vart det sett opp ei dagsturhytte her: Fagnabu. Dette er eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune og Kvinnherad Turlag.
Ta av frå Fv 500 ved bensinstasjonen i Omvikdalen og følg skilting til Fjellhaugen Skisenter.
Ingen.