Keiser Wilhelm sti - snarveg til Briksdalsbreen

Legg til huskeliste
Annonse

­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­­

Snarvegen opp langs nordsida av Kleivafossen i Briksdalen, er i vandring i ei lita kulturhistoriske perle. Stien er kjapp å gå og du slepp unna vassdrevet på brua under den kraftfulle fossen. Stien som allereie i 1889 fekk nammnet Keiser Wilhelms sti, er starten på at Briksdalen er blitt eit eldodardo for vandring. Den er i dag berre 365 meter lang, og den tek deg 100 høgdemeter opp til platået som fører inn til Briksdalsbreen.

Den opprinnelege starten på keisarstien er ved Briksdalsbre Fjellstove, men det originale partiet av det som er att av stien finn du om lag 500 meter aust for fjellstova. Inngangen er godt merkt. Dei første 200 metrane vart restaurert i 2021, medan den siste halva som fører opp til platået over fossen var ferdig restaurert med tørt og godt grusdekke i juni 2022. Traseen på 365 meter ligg nå som den låg då Keiser Wilhelm II reid der med fylgjet sitt i 1989. 

Heilt sidan folk busette seg på garden Briksdal har der nok vore ein slags sti opp på denne sida av Kleivafossen. Men under den vesle istida på 1600-1700-talet låg Briksdalsbreen heilt framme ved fossen, og det var lite anna å hente der enn is. I siste halvdel av 1700 begynte breen å trekke seg bakover og slåtteteigar og beitemark for geiter kom fram att i dagen aust for fossen. Dei første fotturistane begynte å vise seg i åra etter 1850. Og i 1880 skriv bonden på garden, Anders Briksdal, at det til saman hadde vore 105 turistar som hadde vitja garden og breen det året. Same året begynte han og rydde ei rås med mål om å lette ferdsla for hest og kyr. Før dette fortel historia at «når ein var 2 mann gjekk det å få opp kyr» på det som nå er denne stien.

I åra etter 1880 gjekk Den Norske Turistforeining (DNT) inn med kr 60,- til arbeidet. Og i 1886 søkte Anders Briksdal og Jens Gabrielsen (Rustøen) turistforeininga om kr 600,- til å utvikle råsa. Dei fekk kr 400,-, mot at dei sette inn same summen sjølve. Bygdefolket var med på arbeidet, og med Anders Briksdal i spissen var kløvje- og køyreveg for slede ferdig opp langs fossen og inn til breen i 1889.

Som vi veit så vitja Keiser Wilhelm (1859-1949) Norge og Vestlandet fleire gonger med skipet Hohenzollern. Med den nybygde stien kunne bygdefolket i Oldedalen invitere han, og trygt kløvje det celebre turfølgjet opp dalen og inn til breen. Oldedalen skysslag vart stifta i 1923 og har sidan, saman med Briksdal gard, utvikla og vedlikehalde vegane i Briksdalen.

Vegen på sørsida forbi Kleivafossen vart påbegynt tidleg på 1920-talet, og stod ferdig i 1928. I 1955 kom vegen langs vatnet frå Olden til Oldedalen, og hesteskyssen sitt startpunkt vart flytta frå Rustøy til Briksdal Fjellstove. Hesteskyssen gjekk då frå fjellstova og opp til Kleivane fram til 2003, då dei såkalla Trollbilane tok over. Før det spesielle året 2020 hadde ein rett under 300 000 besøkande i Briksdalen.

Adkomst med egen bil

Fv 5724 fra Olden til Briksdal 22 km. Hele året.

Adkomst med kollektivtransport

Brebussen fra Stryn til Briksdal t/r i sommersesongen juni-august. 50 minutter hver veg. Sjekk Kringom.no

Annonse