Tursti til Fonnabu frå Sunndal, Mauranger, Kvinnherad

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 20,2 km
  • 10 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 1689 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep
  • Turkart: Folgefonna nasjonalpark.
  • Start- og sluttpunkt: Bondhus.
  • Parkering: Avkøyringsskilt frå FV500 i Sunndal sentrum til "Bondhusbrea", køyr 500 meter til parkeringsplass. 
    OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor.
  • Merking: Det er orienteringstavle ved P-plassen og ved vegdele 500 m før Bondhusvatnet. Stien er T-merkt med vardar og skilt.
  • Høgdeskilnad: 60 - 1.450 meter


TUROMTALE

Frå P-plassen går ein på god grusveg, Isvegen, til vegdele 500 m før Bondhusvatnet. Herfrå på den restaurerte ridestien opp Hillerslia i 18 svingar til Gardshammarsetra (745 moh), og vidare opp til bru ved Botnavatnet. Etter kvart går ein på delvis bygd sti i ur og høgfjell til hytta Breidablikk (1.322 moh ) , ubetjent med fire senger. Ein knapp time herfrå til bresenteret Fonnabu (1.450 moh), sjølvbetjent hytte med 44 senger, 19 av desse kan reserverast på førehand.
Her er ein link for bestilling: Hyttebestilling 

Dette er den mest nytta oppgangen til Folgefonna, med uvanleg stor opplevingsverdi ”Frå fjord til fonn”. Hyttene Breidablikk og Fonnabu er eigde av Bergen og Hordaland Turlag og vert drivne av Kvinnherad Turlag.

For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit godt alternativ er ei vandring i berga mot brea. Her er mange flotte is- og fjellformasjonar. 

Folgefonni Breførarlag tilbyr breføring mellom Fonnabu og Holmaskjerhytta etter avtale.
Dei kan også tilby guida 2-dagars tur frå Sundal over fonna til Odda.

Gode råd
Veret skifter raskt i høgfjellet ved brea, ta med klede for nedbør og kulde.

Ei overnatting for å oppleva kveld og morgon her oppe er ei oppleving for minneboka.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen:
Turforslag i Kvinnherad

Adkomst med egen bil

FV500 mellom Årsnes og Odda, merka avkøyrsle i Sunndal sentrum.

Adkomst med kollektivtransport

Sjekk reiseplanlegger på Skyss.no

Annonse

on the path