Alle dei tre rutene med start i Årdalen vil gi deg stor utsikt i både austleg og vestleg retning langs Jølstravatnet. Turen over fjellrekka rundt Torsbotnen i Årdalen er ein lettgått og vakker rundtur der du går i tørt og fint terreng på omlag 1000-1070 moh. over både Dalefjellet, Rabben og Tverrlifjellet. Dette er ein lettgått rundtur i flott terreng, med den fordelen at du har same start- og sluttpunkt.
Følg skogsveg i vestleg retning opp til Øyskaret. Frå Øyskaret går du i nordleg retning mot Tverrlifjellet. Her er flott utsikt over Årdalen og mot Grovabreen og Jostedalsbreen. Du følgjer ryggen vidare i lett og ope fjellterreng vidare i nordvestleg retning til Rabben. Gå vidare i nordaustleg retning slakt nedover til skaret over Blåsvåene og vidare opp mot Dalefjellet. Herifrå følgjer du sti på rygg i austleg retning fram til du går sør ned mot Torsbotnen. Følg god sti ned langs Støylsgrova til Fremstestøylen, der du går grusveg i sørleg retning attende til parkeringa.
Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.
Tips:
Før du startar turen må du velje kva retning du vil går rundturen. I skildringa her startar ruta opp via Øyskaret, som er same startpunkt som turane til Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa. Rundturen er like fin begge vegar. Om du vil ta unna mest mogeleg høgdemeter tidleg på turen vel du ruta opp via Fremstestøylen.
Det er mykje beitedyr i området, spesielt rundt skogsvegane og Fremstestøylen, der du vil møte på både sau og storfe. Sidan det er mykje beitedyr i området er det viktig at hundeeigarar respekterer bandtvangen.
Det er mange fine tjørn undervegs. Nokre av desse er fine å raste ved, og badelystne kan ta eit bad. Om lag 200 meter ovanfor Fremstestøylen mot Dalefjellet ligg Lisjevatnet, som er ein fin badekulp i Støylsgrova.
Dette er ein utsiktstur, der det er fordel med fint vær. Terrenget er spesielt fint og lettgått, der du sjølv etter regnfulle periodar kan klare å gå nokolunde tørrskodd. Fjellrekka går over relativt låge toppar i Jølster, og eignar seg derfor også godt som ein hausttur når snøen byrjar å kome på dei høgste toppane.
Fakta:
Rundtur via Tverrlifjellet og Dalefjellet er på totalt 10,7 km, samla stigning 850 høgdemeter. Tid: 6,5-7 timar.
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Ta av Jølstravegen (E39) i Årdalen i Jølster og køye mot Erikstad. Køyr på Årdalsvegen og vidare mot vestlegaste skogsveg ved Årdalselva innover Årdalsdalen. Parker på parkering på den store skiløypeparkeringa 50 meter etter avkøyring til Jølsterlia Hyttetun. Ein kan og parkere på toppturparkeringa før ferista. Betaling med Vipps for parkering.