Dette er ein skikkelig turklassikar på T-merka rute! Oldeskaret er ein eldre ferdselsveg mellom Stardalen i Jølster og Oldedalen i Stryn. Undervegs på turen har du variert brelandskap rundt deg med strie elvar, bratte fjell, turkise fjellvatn og isbrear nedover fjellsidene. Vakkert og variert landskap under heile turen.
Merk at teksten nedanfor er skildra med turstart i Olden i Stryn kommune, og at du endar opp i Stardalen i Jølster (Sunnfjord kommune). Dette er den vegen Indre Sunnfjord Turlag årleg går turen. Turlaget organiserer skyss til Olden på sine turar. Følg med på turlaget sin turkalendeår for årets turdato. Sjå lenke der du finn skildring av ruta begge vegar.
Gå Oldedalsvegen til endes på vestsida av Melkevollelva der du passerer campingplass på Kvitla. Her står det eit lite treskilt som er merka med Oldeskaret. Du kjem over på ein skogsveg eit lite stykke før du kjem over på sti i sørleg retning innover dalføret. Jamn stigning i starten av stien. Etter kvart som den dreiar oppover i vestlig retning vert stien gradvis brattare. Godt tilrettelagt sti med trapper og kjetting å halde seg i på dei brattaste partia. I det bratte partiet passerer du "skaret" i fjellsida. Her er det også lagt fint til rette med trapper.
Etterkvart byrjar terrenget å gradvis flate ut, og du har flott utsikt mot Briksdalsbreen på motsett side av dalføret. Ei bru tek deg over elva ved vatnet 984 moh. Her held du fram i vestleg retning, og får eit flatt parti før du tek fatt på den siste stigning opp mot vatnet på 1083 moh. Mellom dette vatnet og Storevatnet er Oldeskaret markert med ein steinvarde.
Du held fram i vestlig retning på god sti på nordsida av Storevatnet. I enden av dette dreiar stien i sørvestlig retning nedover dalføret. Når du er på rundt 1000 moh. flatar terrenget ut og du tek deg over det som vert kalla Spelemannsmyra. Etter denne får du noko meir nedstigning før terrenget igjen flatar ut. Passer over elva på brua nede i dalføret og gå i flatt morenelandskap mot Haugastøylen. Like etter denne kjem du ned på parkeringsplassen.
Tips
På varme dagar kan det vere fint å ta seg eit isbad i Storevatnet. Her kan det også vere fint å slå leir dersom ein ønsker å overnatte.
Om du er i form til å ta lange dagsmarsjar, med mykje høgdemeter, er det mogeleg å gå turen tur-retur same dag. Då slipp du å ordne med transport mellom start- og sluttpunkt. Om du startar turen i Jølster kan du ete lunsj/middag på ein av utsalsplassane ved Briksdalsbreen.
Fakta
Turen er på omlag 8,5 kilometer og 1000 høgdemeter opp og 500 høgdemeter ned. Tid: 6-7 timar.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Du må ordne deg transport mellom der turen startar i Olden og turen sluttar i Stardalen i Jølster.
Olden: I Olden tek du av til Oldedalsvegen. Der du tek av er det skilta til Briksdalsbreen og Oldedalen. Køyr vegen til endes. Parker på anvist parkering for turistar som skal oppsøke Briksdalsbreen. Sjå skilting for betaling.
Jølster: Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen. Ta av til Høyset og Høyset Camping.Mot avgift kan du køyre noko bratt skogsveg opp i Haugadalen. Det er montert automatisk skiltlesing i bommen ved Høyset Camping. Parker på parkeringa som er ved enden av skogsvegen rett før Haugastøylen. Dette er eit godt besøkt område. Parker derfor slik at det vert plass til flest mogeleg bilar på parkeringsplassen.
Om du ikkje vil køyre opp skogsvegen frå Stardalen til Haugastøylen kan du parkere på toppturparkeringa ved Høyset Camping. Parkering mot avgift (Vipps). Det er rundt 300 høgdemeter opp skogsvegen, som er på omlag 2 km lang.