Kaldavasshytta er ei ubetjent hytte som er open heile året. Den ligg 1275 meter over havet i Ulvik herad, eit lite stykke ute på ryggen som skil Kaldavatnet i to. Området er vilt og vakkert høgfjellsterreng, som er relativt lett tilgjengeleg frå Upsete. Dette gjer den eigna også for barnefamiliar.
I tillegg til eit eldre hus med 6 sengepl...
Turen kan starta frå Upsete stasjon, Myrdal og Hallingskeid.
Les meir om rutene her:
1. Upsete - Kaldavasshytta: T-merka sti frå Upsete. Lettaste vegen til hytta. Gangtid omlag 2,5 timar. Ver merksam på svært begrensa togstopp ved Upsete stasjon
2. Myrdal - Kaldavasshytta: T-merka sti frå Myrdal stasjon. Kraftig stigning. Omlag 3 timar gangtid. Dette er berre sumarveg.
3. Hallingskeid - Kaldavasshytta: T-merka sti frå Hallingskeid stasjon. Omlag 7 timar gangtid.
Turen kan starta frå Upsete stasjon, eller på umerkt rute frå Hallingskeid.
1. Upsete - Kaldavasshytta: Fylgjer sumarstien. Vert kvista i god tid før påske.
2. Hallingskeid - Kaldavasshytta: Umerkt. Følger stort sett sumarstien . Ver merksam på bratt parti opp mot Vossaskavlen frå austsida.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk