Fottur til Tindefjellet via Storetrevarden frå Flugekvam

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 9,0 km
  • 8 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 930 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Tindefjellet er ein markert fjelltopp på Vassenden. Toppen kan nåast med startpunkt både på Storetræet, Svidalen og Vassenden. Rutene opp er mange og har ulike vanskegrader, og du kan sjølv forme dine eigne vegval undervegs. Uavhengig av kva sti du vel, vil du få vid og stor utsikt over vestlegaste del av Jølstravatnet. Det er to stiar opp som er graderte som blå ruter, og tre som er graderte som raude ruter. Turen opp via Storetrevarden frå Flugekvam er gradert som raud rute.

Dette er den austlegaste stien til Tindefjellet. I starten går stien i beiteterreng og bjørkeskog. Det er jamn, bratt stigning frå byrjinga av. Rett før du tek deg opp på ryggen Aksla (540 moh.), møter du på eit kort klyveparti. På Aksla møter du stien som kjem frå Storetræet. Herifrå går stien bratt oppover i ope terreng til varden. Frå Storetrevarden går du vidare i austleg retning mot Gravsfjellet (851 moh.) og Skaret. Her møter du stien som går ned til Vassenden via Årsetbakkane. Stien til Tindefjellet går i nordleg retning opp mot ryggen til Kvannebottsegga (880 moh.), der du møter stien frå Svidalen. Følg ryggen i austleg retning opp mot toppunktet.

Turen er godt skilta og merka av Fjelltrimmen i Jølster IL.

Tips:
Du kan velje å berre gå turen til Storetrevarden. Sidan det er same parkering, men to ulike stiar opp frå Storetræet og Flugekvam, vert dette ein rundtur.

Stiane her er vestvendte og.vert tidleg snøfrie på våren, og ein kan starte å gå ruta lenge før ein del andre turar i Jølster. Det er ikkje beitedyr på innmark i stien opp frå Flugekvam. I starten på stien opp frå Storetræet er det beitedyr på innmark.

Frå Skaret er det fint å ta turen ned til Årsetstøylen. Dette er relativt kort avstikkarar frå Skaret. Sjå lenker for informasjon om dei andre fire stiane opp til Tindefjellet. Her kan du komponere og lage dine eigne ruteval opp og ned.

Fakta:
Flugekvam–Storetrevarden: 1,4 km, stigning 470 høgdemeter. Tid opp: 2 timar.
Storetrevarden–Gravsfjellet-Skaret: 1,5 km, stigning 130 høgdemeter. Tid opp: 30 min.
Skaret–Tindefjellet: 4,5 km, stigning 900 høgdemeter. Tid opp: 3,5 timar.
Samla tidsbruk opp: 5,5-6 timar opp og 8-9 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39).

Avkøyring på Hjelmbrekke: Køyr av der det er skilta mot Hjelmbrekke og opp Hjelmbrekkevegen. Følg vidare opp på vegen Furehogen til der den møter Storetrævegen. Følg denne vidare opp til parkeringsplassen.

Avkøyring ved Jølstraholmen senter: Køyr av der det er skilta mot Flugekvam. Følg Storetrævegen opp til parkeringsplassen.

Parkering: Der informasjonstavla til Jølster Fjelltrim er sett opp ved turstart på Storetræet er det nokre få parkeringsplassar. Du kan og parkere på garden Flugekvam. For å finne desse køyrer du vidare opp Storetrævegen, over ei ferist, og eit kort stykke på skogsveg. Her er det merka av til parkering ved ei redskapsbod. Her kan du parkere mot betaling (Vipps).

Gjeld begge parkeringsplassane: Pass på å parkere der bonden har merka av for dette, og set frå deg bilen slik at du ikkje er til hinder for trafikk eller gard- og skogsdrift.

Dette er eit mykje brukt turmål, og det kan bli mange parkerte bilar. Pass derfor på å parker slik at det vert plass til andre som og vil ut på tur.

Adkomst med kollektivtransport

Gå av bussen på ein av haldeplassane ved Hjelmbrekkefeltet langs Jølstravegen/E39. Frå bussholdeplassen går du 1-1,5 km opp byggefeltet til turstart ved gardane ovanfor byggefeltet.

Annonse